80
ǥǚǣǜ ǘȨǡǙǘȨǞŵ ŵ ǠǣǘǘȨǚȳǘǗǚ
WTIRRMRKWOYVZI
L KHITYROX
]XVI OSRƽMOX
se k
se m
pl
ar
MRHVI OSRƽMOX
Med utgangspunkt i konflikten kan vi teikne ei spenningskurve som skildrar korleis teksten skaper ein handlingsgang med aukande og fallande spenning. Ein klassisk modell som har røter i det greske teateret frå før år 0, teiknar ei kurve der spenninga aukar gradvis frå eit lågt nivå i starten fram mot eit høgdepunkt, før ho fell når vi veit korleis konflikten blir løyst. Konflikten – og dermed også spenninga – kan vere knytt til den ytre handlinga, altså til kva som reint konkret skjer i historia. Då snakkar vi om ein ytre konflikt. Men han kan også gjelde tankar og kjensler, og dermed handle om kva personane i forteljinga tenkjer, føler eller forstår. I så fall spring spenninga i teksten ut av ein indre konflikt. Konflikten spelar altså ei avgjerande rolle i episke tekstar. Når vi les ei forteljing, og når vi ser ein tv-serie eller ein film, ventar vi at det blir bygd opp ei eller anna form for spenning. Det må skje noko som skaper ein konflikt. Dersom det ikkje skjer, blir vi utolmodige: Hender det ikkje noko snart?
Innleiing, hovuddel og avslutning
Vu
rd er
in g
Heilt grunnleggjande kan vi seie at episke tekstar som regel er tredelte: Dei har ei innleiing, ein hovuddel og ein slutt. I innleiinga blir vi presenterte for situasjonen som ligg til grunn for handlinga. Vi møter personane, i alle fall dei viktigaste, og vi får kanskje også vite noko om miljøet handlinga går føre seg i. Av og til er slike presentasjonar svært detaljerte, og andre gonger får vi ikkje vite nokon ting om tid og stad, som når eventyra begynner med «Det var ein gong ...». Til gjengjeld utmerkjer eventyra seg med å presentere både personane og konflikten med ein gong teksten begynner: «Det var en gang en mann som hadde tre sønner, Per og Pål og Espen Askeladd; men annet enn de tre sønnene hadde han ikke heller, for han var så fattig at han ikke eide nåla i veggen, og derfor sa han titt og ofte til dem, at de måtte komme seg ut i verden og se til å tjene sitt eget brød; for hjemme hos ham ble det ikke annet enn sveltihjel.» Nokre gonger blir vi kasta rett inn i handlinga. Då seier vi gjerne at teksten begynner in medias res, som tyder «midt i tinga». Då må vi sjølv gjere jobben med å identifisere situasjonen og personane. Slik opnar novella «I ei grøft» av Jan Kristoffer Dale:
MR QIHMEW VIW