
4 minute read
Arbeidsstoff
from 9788203405945
Oppsummeringsspørsmål
1 Kva er språkkontakt? Nemn ulike døme frå kapittelet. 2 Kva er skilnaden mellom morsmål, andrespråk og framandspråk? 3 Kva vil det seie å vere tospråkleg eller 4 Kva grunnar kan folk ha for å endre på talemålet sitt? 5 Kva er kodeveksling? 6 Kva er domenetap? Peik på ulemper ved det. Finst det fordelar også? 7 Kva vil det seie i praksis at ein snakkar norsk med aksent? 8 I kva for samanhengar og kvifor kan nokon medvite bryte V2-regelen i norsk? 9 Kva er ein multietnolekt? 10 Kva tyder sentrumshopp når vi snakkar om språkendringar?
Oppgåver 1 Dine språkmøte
Lag ei liste over nokre språkmøte du har opplevd den siste veka. Set dei opp i tre kolonnar der du 1) kort beskriv situasjonen, 2) peikar på konkrete språktrekk som kom fram, og 3) karakteriserer språksituasjonen (til dømes lånord, kodeveksling, aksentprega uttale, dialektendring, språkskifte). 2 Kodeveksling eller lånord?
Du må på kort varsel ta over språkspalta til Språkrådet. Ein innsendar spør om du vil karakterisere desse interjeksjonane som kodeveksling eller som lånord i norsk: «yo!», «wow!» og
«OMG!». Hugs å grunngi svaret ditt. 3 Sentrumshopp
Kvifor skjer spreiing av nye språktrekk ofte frå større byar til mindre byar og
tettstader? Kvifor er ungdommar ofte viktige for spreiinga? Diskuter i klassen eller skriv ein tekst der du utforskar dette temaet. 4 Skriv ein drøftande tekst Skriv ein fagartikkel der du utforskar problemstillinga: «Kva fordelar og Vurderingseksemplar til å underbyggje drøftinga di. moglegheiter og utfordringar ved og nettsidene til emnet. Det kan vere lurt å først samanfatte dei viktigaste argumenta for kvar side av saka. Hugs å lage kjeldeliste.
5 Argumentasjon I a) «Norsk språk er under press!» Finn argument for og mot denne utsegna. Du kan bruke boka som kjelde og leite etter andre kjelder på internett (søk på mellom anna «norsk språk i fare» og «norsk er eit fattig språk»). b) Diskuter argumenta i ei gruppe og vel ut dei mest relevante. c) Lag ein debatt i klassen der éi gruppe argumenterer for og éi imot. Kjem de fram til ein konklusjon? 6 Argumentasjon II
Skriv ein tekst om norsk språk der du anten argumenterer for eller imot ein påstand. Du kan sjølv velje vinkling – her er nokre forslag: • Norsk er eit lite språk som er i ferd med å døy ut. • Dersom det er ein fordel å vere å kunne skrive både nynorsk og bokmål. • Engelsk er eit viktigare språk enn norsk. • Det er ein stor fordel å lese mykje engelsk. 7 Skriv ein fagartikkel eller lag ein fagtekst
For å kunne løyse desse oppgåvene, må du ha lese og arbeidd med kapittel 10, 11 og 12 i denne boka. a) Kor mange språk er representerte i klassen? Her reknar vi med både morsmål og andre- og tredjespråk. Lag ei oversikt over alle språka og kva som er dei viktigaste kjenneteikna ved dei.
Undersøk kva som er spesielt i lydlæra, ordklassane, bøyinga og setningslæra i dei enkelte språka. Bruk fagomgrepa frå dette kapittelet der det er aktuelt. Til dømes: Er dette eit analytisk eller eit syntetisk språk? Kva kjenneteiknar uttalen av vokalar og konsonantar i dette språket? Har språket dei same ordklassane som norsk, eller ikkje? Er språket eit SVO-språk, som norsk, eller har det ei anna leddstilling? kvart enkelt språk, og heng oversikta opp i klasserommet. Det kan til dømes vere ein forskingsplakat der de brukar bilete, tabellar, diagram eller andre visuelle verkemiddel. b) Vel eitt av språka som er representerte i klassen, og samanlikn det med særtrekka i norsk. Vel ut dei viktigaste likskapane og forskjellane mellom språka (korleis lydane i språka blir uttalte, kva for bøyingsmønster språka har, kva som kjenneteiknar leddstillinga i språka). Skriv ein kort tekst der du presenterer funna dine.Vurderingseksemplarc) Ta utgangspunkt i ei språkendring og diskuter i kva grad og på kva måte språkkontakt spelar ei rolle.
Vurderingseksemplar
KAPITTEL 13 Samisk
urfolk
nasjonale minoritetar
minoritetsspråk urfolksspråk
Demonstrasjon framfor Stortinget i 1979 mot utbygginga av Altavassdraget. Kva veit du om dei samiske språka?
Lag ei oversikt og snakk med ein medelev. Tradisjonelt har samane i Noreg snakka seks ulike språk: nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, umesamisk, pitesamisk og skoltesamisk. Dei tre siste blir ikkje lenger brukte i Noreg, men det finst norske samar som identifiserer seg med desse språka, og ein kan framleis høyre dei i nabolanda våre. Samane er eit urfolk i Noreg. Dei har budd her sidan lenge før statsgrensene blei fastlagde. Noreg har i tillegg fem folkegrupper med status som nasjonale minoritetar – kvener, skogfinnar, romanifolk (taterar), romar (sigøynarar) og jødar – grupper som har ei over hundre år lang tilknyting til landet og har vore med på å forme kulturarven i Noreg. Medan språka til dei nasjonale minoritetane er minoritetsspråk, er dei samiske språka urfolksspråk. Kjenner du til andre nasjonale minoritetar enn dei vi har i Noreg? Vurderingseksemplar
Mange norske byar og bygder har fleire offisielle namn. På biletet nedanfor ser du dei tre namna til ein by i Finnmark. Øvst står det norske Vadsø, så følgjer det nordsamiske áhcesuolu og det kvenske Vesisaari. Orda tyder «vatnøy» eller «vass-øy», akkurat som det norske namnet. Også lenger sør har mange stader fleire namn. Bergstaden i Trøndelag har det norske Røros og det sørsamiske Plaassje. For romanifolket heiter byen Lålofåron.
