
1 minute read
og konflikt
from 9788203405945
saman, eller om det vil kome uoverstigelege hindringar i vegen. Det er nettopp dette spørsmålet også Isak grublar over i sitt eige liv.
Hadde Aristoteles levd i dag, ville han kanskje sagt at tårene til Isak er eit teikn på katarsis. Katarsis tyder reinsing. Tragedien skulle framkalle ei medkjensle for hovudpersonen og ei frykt for korleis det ville gå. Når tilskodaren endeleg får vite korleis det heile endar, vil han oppleve det som ei slags frigjering eller reinsing. Katarsis har også blitt forstått som ei form for erkjenning hos tilskodaren, altså ei utvida forståing, ei innsikt i dei store samanhengane i livet.
SKAM
Romeo + Juliet ↧ Eit drama blir bygd opp rundt ein protagonist, altså den karakteren vi følgjer og investerer mest tid og interesse i. Protagonisten er hovudpersonen, og i starten av stykket står han eller ho gjerne overfor ei utfordring. Enkelte gonger, som i Romeo og Julie, er det to protagonistar. Publikum følgjer begge sitt perspektiv. Utfordringa dei står overfor, er den same: Korleis skal dei kunne leve i kjærleik med kvarandre når familiane deira er imot det? Antagonisten er motstandaren til protagonisten, den som gjer det vanskeleg for hovudpersonen å nå måla sine. Ein kan seie at det i Romeo og Julie er mange antagonistar – heile familien til Julie og heile familien til Romeo. I den tredje sesongen av SKAM er Isak protagonisten fordi det alltid er hans perspektiv vi følgjer. Her er det litt vanskelegare å definere ein klar antagonist. Sonja er ein av karakterane som nokre gonger kjem i vegen for kjærleiksprosjektet til Isak. Ho er Vurderingseksemplar
