
1 minute read
Kva er språkkontakt?
from 9788203405945
KAPITTEL 12 Språkmøte og språkendring
Kva for språk har du vore i kontakt med i løpet av den siste veka? Kva er språkkontakt? Tenk deg at du går gjennom ei gate i ein by i Noreg. Kor mange språk vil du møte då? Du møter naturlegvis norsk og høyrer ganske sikkert ulike dialektar. På butikkskilt og reklameskilt vil du sjå engelsk. Kanskje må du snakke engelsk med ein turist som spør etter vegen. Høyrer du godt etter, får du dessutan med deg at ei mor og dottera hennar snakkar polsk med kvarandre. Inne på gatekjøkkenet på hjørnet registrerer du kanskje at ekspeditøren snakkar kurdisk med kona før han tek imot bestillinga di på norsk. Vurderingseksemplar
Kira Wager, Oslo 1.8 (2008). ↦
↥ Gammalt fargetrykk av Bergen frå hansatida.

kvensk: eit språk som er nær i slekt med minoritetsspråka i Noreg Dette tenkte dømet illustrerer noko du sikkert veit frå før, nemleg at Noreg er eit fleirspråkleg samfunn. Slik har det vore lenge. Vi kan sjå på Finnmark som døme. Der har det i lang tid vore tett kontakt mellom folk som har snakka norsk og samisk, i tillegg til språk som kvensk og russisk. Eit anna døme er Bergen. Der var det i hansatida (1350–1700) mykje kontakt mellom norskfødde og handelsfolk som snakka nedertysk. Det har i sin tur påverka bergensdialekten, mellom Vurderingseksemplar anna ved at han berre har to grammatiske kjønn, hankjønn og inkjekjønn. Bergensarane seier derfor en jente og jenten.
Andre døme på språkmøte er den omfattande kontakten vi i Noreg har hatt med folk frå andre nordiske land, og naturlegvis kontakten mellom folk som brukar ulike typar dialektar. I tillegg har vi i Noreg to ulike skriftspråk, nynorsk og bokmål, som vi møter i ulike samanhengar. Dei som har nynorsk som hovudmål, er i mindretal og må ofte seie tydeleg frå for at språkrettane deira skal bli oppfylte.