2 minute read

Revitalisering

Diagrammet viser at det finst fem personar som snakkar akkalasamisk. For nokre år sidan blei det påstått at den siste talaren av akkalasamisk, Marja Sergina på biletet, døydde i 2003, og at språket derfor måtte reknast som utdøydd. Men så enkelt er det ikkje. Ein språkforskar som arbeider med dei samiske språka på Kolahalvøya, har funne fram til fleire som har kunnskapar om akkalasamisk, mellom andre døtrene til Marja Sergina. Dei snakkar ikkje akkalasamisk til dagleg, men språket er der framleis. Vi kan seie at det søv – og akkalasamane ønskjer å vekkje det opp att!

↥ Marja Sergina døydde Revitalisering 29. desember 2003. Mange omtalar henne som den siste som snakka akkalasamisk dermed at språket døydde ut med henne. På nettsidene til Sametinget kan vi lese at i internasjonal samanheng er alle dei samiske språka karaktiserte som truga eller nesten utdøydde språk. Men Sametinget arrangerer Samisk språkveke – sjå plakaten på biletet på side 281 – som har som mål å løfte statusen til dei samiske språka gjennom ein felles dugnad for å synleggjere og auke kunnskapen om dei samiske språka i heile samfunnet: På tross av stemplet som utrydningstruet, fortsetter de samiske språkene å klore seg fast. Det er håp. Det er en økende bevissthet blant å ta tilbake språket som generasjoner før dem mistet. I områder hvor samisk ikke har vært brukt på en generasjon eller to, tar nå unge voksne samisk tilbake og forsøker forsiktig å gi det videre til sine barn. En ny generasjon med samisktalende barn vokser frem. Det norske samfunnet har også trykket den samiske kulturen til seg, og samer i hele landet opplever større aksept for sin kultur og sine språk. Interessen for samisk samfunn er stor, og tidspunktet for en felles språkdugnad kunne ikke vært bedre. Vurderingseksemplar Det blir stadig gjort forsøk på å gi nytt liv til truga språk over heile verda – også samiske språk. I den aller sørlegaste enden av det tradisjonelle samiske busetjingsområdet i Noreg ligg grenda Elgå, på austsida av innsjøen Femunden, lengst nord i Engerdal kommune i Innlandet. Her var det sørsamiske språket på veg ut; berre besteforeldregenerasjonen kunne framleis snakke språket. I reindrifta var mange sørsamiske ord framleis i bruk – til dømes soehpenje, «lasso», og ord for reinsdyr av varierande kjønn, alder og farge – og for relativt unge menneske var daglegspråket den lokale norske dia lekten. I den lokale barnehagen, starta dei det vi kan kalle eit sør samisk språkbad.

This article is from: