
1 minute read
Hugs å lytte
from 9788203405945
Her er nokre av dei vanlegaste hersketeknikkane som enkelte brukar i munnlege situasjonar:
Mistenkjeleggjering Mistenkjeleggjering vil seie at ein sår mistanke om kva som er den eigentlege grunnen til at den andre meiner det ho eller han meiner. «Du er berre imot karakterar i skulen fordi du sjølv har så dårlege karakterar.» Personangrep Personangrep blir ofte omtalt som «å ta mannen i staden for ballen» – ein metafor ein har henta frå fotballen. Det vil seie at ein i staden for å diskutere argumenta til den andre tek føre seg han eller henne personleg. «Kvifor skal vi høyre på kva du meiner om karakterar i skulen? Du har jo stroke i tre fag!»
Usynleggjering Usynleggjering vil seie at ein overser nokon andre. Det kan vere ved at ein ignorerer dei og ikkje slepper dei til i diskusjonen, ikkje møter blikket deira eller ser fullstendig vekk frå det dei seier. «Ja ja, sikkert spennande, det. Men tilbake til det som eigentleg er viktig her.»
Latterleggjering Å latterleggjere nokon kan ein gjere ved å le av dei eller ved å fortelje det dei har sagt, på ein måte som gjer det latterleg. På den måten kan ein få sagt mellom linjene at noko som ikkje var meint å vere morosamt, var så dumt at det faktisk var morosamt. Har du sjølv vore utsett for eller vore vitne til at andre har blitt utsette for nokre av hersketeknikkane ovanfor? Korleis reagerte du eller personen som blei utsett for dette? Hugs å lytte Vurderingseksemplar
For å avslutte dette kapittelet vil vi gjenta den oppmodinga vi kom med tidlegare i kapitlet: Hugs å lytte! Lytting er nøkkelen til både å vurdere argumentasjonen til andre og å argumentere godt sjølv.
For å vurdere argumenta til andre må vi klare å identifisere kva for påstandar og belegg dei presenterer, og kva for heimlar argumenta er baserte på. Så kan vi deretter vurdere om argumenta er haldbare og relevante.
Ved å vere ein god lyttar vil du også enklare finne ut kva partane eigentleg er ueinige i. Dermed kan du også tilpasse dine argument til dette – slik at du kan gjere dei langt meir relevante og effektive.
På denne måten begynner all god argumentasjon med å lytte til meiningane og haldningane til andre.