
1 minute read
nynorsk til bokmål
from 9788203405945
Det er fleire grunnar til at folk driv med kodeveksling. Det kan vere at dei kjem på det utanlandske ordet først. Det kan også vere at dei vil gjere seg betre forstått, som når nordmenn legg inn svenske ord når dei snakkar med svenskar. Likevel ser kodevekslinga i tilfella ovanfor ut til å vere medvite og ha ein stilistisk funksjon. Kanskje vil dei som skriv, framstå som avslappa eller uformelle? Tydelegvis kommuniserer dei med folk som er på bølgjelengd med dei og på same alder som dei. Vi ser nemleg at dei som driv med kodeveksling, veit mykje om kva slags effekt dette kan ha. Her ser du fleire døme på kodeveksling:
Æ føle mæ i bedre form nu så, må bare kjenn litt etter imårra just in case. Søkte på jobba i går just for fun. Sick kor det sner ute! Haha æ også. Men da joine du? døme på at du eller andre har skrive setningar med kodeveksling. Språkskifte – frå nynorsk til bokmål Vurderingseksemplar
Ein god del elevar som har nynorsk til hovudmål, vekslar mellom nynorsk, bokmål og dialekt når dei skriv privat i ulike samanhengar.
Denne språkvekslinga tyder på at nynorskelevane har ein brei språkkompetanse, og at dei utnyttar han. Samtidig er det ein del som skiftar hovudmål frå nynorsk til bokmål. Dei som skiftar til bokmål, viser til at bokmålet er mest synleg i media og i skulen, og at det er lettare å bruke det språket som fleirtalet i samfunnet brukar. Det handlar dermed igjen om forholdet mellom majoritetskulturen og mindretalet. Det er færre som skiftar frå bokmål til nynorsk, men det er også mogleg.

Kva skal til for at nynorskelevar skal halde på hovudmålet sitt, trur du?