1 minute read

SVO-språk

adverbial

setningsadverbial Adverbialet er det setningsleddet som kan gi utfyllande informasjon om verbalet. Det kan gjelde tid, stad, årsak og måte («Kva skal vi lese i dag?», «Anna spring fort»). Adverbialet kan også vise tilbake til heile setninga, såkalla setningsadverbial, og vil dermed anten avgjere innhaldet («Petter har ikkje gjort leksene sine») eller forsterke eller dempe innhaldet («Det er vel bra»). Ei setning er grammatisk korrekt sjølv om vi sløyfar adverbialet, men vi mistar då viktig informasjon, og setninga kan få eit anna innhald.

Finn verbal, subjekt, objekt og adverbial i desse to setningane:

• . • . SVO-språk Når språkforskarar skal skildre ulike språk i verda, er dei mellom anna opptekne av korleis setningar er bygde opp. Då ser dei på rekkjefølgja på tre av dei mest sentrale setningsledda, nemleg subjekt, verbal og objekt, i forteljande setningar – altså ikkje i spørjesetningar, som ofte er bygde opp på ein annan måte. Det viser seg nemleg at det er nokre måtar å byggje opp setningar på som er vanlegare enn andre. Dei tre mest vanlege språktypane er desse: • SVO-språk har rekkjefølgja subjekt (S), verbal (V) og objekt (O) i forteljande setningar: 42 prosent av språka Vurderingseksemplar språka (som norsk) med, i tillegg til søraustasiatiske språk og nokre afrikanske språk. • SOV-språk, , er mest vanlege, og dei utgjer 45 prosent av språka i verda. Døme på slike språk er japansk, koreansk, persisk, tyrkisk, hindi, panjabi, tamil og kurdisk. • VSO-språk, til dømes arabisk, berbisk og gæliske språk.

Er det nokon i klasserommet som kan eit SOV-språk eller eit VSO-språk?

This article is from: