
2 minute read
Er norsk vanskeleg?
from 9788203405945
etymologisk rettskriving etymologi
Vi har ofte, men ikkje alltid, følgt det ortofone prinsippet i norsk. Vi har nemleg også innslag av ei etymologisk rettskriving. Då markerer vi den språkhistoriske samanhengen som eit ord står i. Etymologi handlar om det historiske opphavet til eit ord. Døme på etymologiske innslag i norsk rettskriving er at vi må skrive bokstaven g i både gi og gav for å markere at det handlar om det same verbet, sjølv om gi blir uttalt med j-lyd først og ikkje g-lyd. Av same grunn har vi også med d-en i godt for å vise samanheng med god. Her har svenskane valt ei anna løysing når dei ønskjer kvarandre gott nytt år. Dersom vi hadde hatt ei rettskriving som var heilt gjennomført ortofon, ville det truleg ha vore lettare for barn å lære seg å skrive ortofont språk norsk. Vi kunne skrive pitsa for pizza, ji for gi og lissom for liksom. Derimot hadde det blitt vanskelegare å lese norsk, fordi vi då ikkje fekk informasjon om den grammatisk eller språkhistoriske samanhengen til eit ord – om det var tale om godt eller gått. Særleg kj-lyden er vrien, for den kan skrivast på fleire måtar: keisam, kjøpe, kino, kylling, tjukk. Med dialektskilnader ville vi dessutan fått mange ulike skrivemåtar av det same ordet. Det går likevel fint an å ha eit gjennomført ortofont språk, og finsk er eit døme på det. Ein nordmann kan lese ein tekst på finsk og gjere seg forstått, utan sjølv å forstå eit einaste ord. Også spansk, bosnisk og tyrkisk har ein ganske lydrett skrivemåte. I islandsk og fransk har dei derimot ei etymologisk rettskriving. I sosiale medium som Snapchat og Instagram er det mange unge som skriv dialektprega. Her står med andre ord ortofoni sterkt!Vurderingseksemplar
Vi har i dette kapittelet sett at norsk har mange særtrekk – til dømes mange vokalar, dobbelt bestemt form, sterkt trykk og valfridom i rettskrivinga. Endå er vi ikkje ferdige med grammatikken i norsk, for i kapittel 00 skal vi gå nærare inn på korleis vi byggjer opp setningar.
La oss likevel ta utgangspunkt i det vi veit, og prøve å svare på dette spørsmålet: Er norsk vanskeleg? Svaret er at det kjem an på kven du spør. Det som først og fremst spelar ei rolle når ein skal lære seg språk, er nemleg kor likt eller ulikt Vurderingseksemplar språket er dei språka ein kan frå før. Har du tysk som morsmål, er det lettare å lære seg norsk enn om du har kinesisk som morsmål. På det grunnlaget seier språkvitarar vanlegvis at ingen språk objektivt sett er lettare eller vanskelegare å lære seg enn andre språk. Det kjem an på kva utgangspunkt du har. Kjem du frå eit språk med få vokalar, som arabisk, vil du få utfordringar med det norske vokalsystemet, som er stort og komplisert.
Samtidig er det også andre moment enn språkstrukturen som spelar ei rolle. Er du motivert for å lære deg eit nytt språk, anten det er kinesisk, russisk eller italiensk, klarer du det, uansett kor fjernt det er frå dei språka du kan frå før. Alle som har flytta til Noreg og lært seg norsk, viser det.
