2 minute read

Miljøskildring

er samansette individ med sine heilt eigne kjensler, draumar, ønske og sorger. Gjennom litteraturen kan vi få eit glimt av verda slik ho ser ut for andre. Til slutt i novella finn vi ei personskildring som fungerer både direkte og indirekte: «Øynene hans var våte.» Kva fortel denne setninga? Vi skil gjerne mellom flate og runde personar. Flate personar er personar som er eindimensjonale, som berre har éi side. Av og til representerer dei visse eigenskapar eller visse grupper av menneske. I så fall seier vi at personane er typar. Eventyr, fantasylitteratur og actionfilmar har ofte mange slike typar: Per og Pål frå eventyra representerer egoisme og smålegskap, medan skurkane i fantasybøker eller superheltfilmar representerer vondskap. Dei er ikkje samansette individ med gode og dårlege sider. Runde personar har derimot ein samansett personlegdom, gjerne med både gode og mindre gode sider. Dei er fleirdimensjonale. Kanskje er dette ein feil forteljaren gjer i «Digital fotografering i praksis»: Ho ser mannen som ein flat person. Han er berre narkoman. Men eigentleg er alle personar runde. Kanskje det er det forteljaren oppdagar? Miljøskildring Med miljø meiner vi både det sosiale miljøet som personane i ei forteljing høyrer til, og dei omgivnadene der handlinga finn stad. Når vi undersøkjer miljøet, studerer vi både kva som karakteriserer staden der handlinga går føre seg, og kva dette har å seie for forholdet mellom personane i forteljinga. Slik som i det verkelege livet blir personane påverka av det miljøet dei lever i. Vurderingseksemplar Miljøskildringa i ein episk tekst fortel om staden og omgivnadene der handlinga går føre seg. Miljøet kan vere realistisk framstilt, slik som i Bli hvis du kan. Reis hvis du må, der bygda dei fire gutane veks opp i, kunne vore ei verkeleg bygd ein stad i Noreg. Men det finst også mange tekstar der omgivnadene ikkje liknar på den verkelege verda. Ikkje minst er dette vanleg i science fiction- og fantasy litteratur. Ikkje sjeldan fungerer miljøet også som eit bilete på indre tilstandar i personane. Eit kjent og tydeleg døme på det er Synnøve Solbakken (1857) av Bjørnstjerne Bjørnson. Den gjennomført gode Synnøve kjem frå den solfylte plassen Solbakken, medan Thorbjørn kjem frå den skuggefulle staden Granlien. Den ytre kampen for

å vinne Synnøve og få innpass på Solbakken speglar den indre kampen hans for å overvinne sine eigne mørke sider. I novella «I ei grøft» kjem konfliktar mellom ulike sosiale miljø til syne. Vi ser det allereie i innleiinga, som vi siterte på side 81. «I tillegg snakka han østlandsdialekt og kledde seg annerledes», heiter det om Espen. Slik får vi eit signal om at han kjem frå eit anna miljø enn dei andre. Ofte bevegar handlinga seg mellom ulike stader og ulike miljø. Då kan det vere interessant å spørje kva dei ulike stadene representerer. I Bli hvis du kan. Reis hvis du må. representerer heimbygda i Vurderingseksemplar utgangspunktet noko trygt og kjent, medan Afghanistan er noko farleg og ukjent. I novella «Kjøttbollene» (2019) av Nora Lindblad (fødd 1993) får vi denne skildringa av heimen til ei klasseveninne av forteljaren:

Det var ingen hage rundt huset. Bare ugress og gamle møbler. Ved inngangspartiet var det en veranda. Den var fylt med skrot. skrotet fra trappen og bort til inngangsdøren. Jeg så på alle tingene jeg passerte på vei inn. Alt var skittent. Klingingen i vindspillet som hang ute på verandaen, fulgte oss helt inn. Jeg kunne fortsatt høre den selv etter at ytterdøren var lukket bak oss. Det var mystisk på

This article is from: