2 minute read

Å parafrasere ei kjelde

Eg trur regissøren Iram Haq har ønskt å vise kvifor familien til Nisha gjer som dei gjer. I eit intervju med Dagsavisen seier ho: «Det viktigste er at det ikke blir en fortelling om de slemme foreldrene og den stakkars jenta som blir utsatt for ulike ting, men å prøve å se begge sider. Det er en kjærlighetshistorie mellom en far og datter. En umulig kjærlighet» (Nydal, 2016). Iram Haq ønskjer altså å vise begge sider av eit utfordrande kulturmøte.

Dette utdraget inneheld eit sitat frå eit intervju regissøren av filmen

Hva vil folk si Iram Haq gjorde med journalisten Ane Nydal i Dagsavisen i 2016. Eleven følgjer opp sitatet med ein samanfattande kommentar til slutt. Det gjer at stemma til eleven i teksten blir synleg, og at teksten får ein naturleg flyt. Sitat kan ha ulik lengd. Dersom sitatet er kort (maks tre linjer), markerer du det med hermeteikn, slik du ser i dømet ovanfor. Dersom sitatet er lengre enn tre linjer, skal du skilje det ut frå resten av teksten din med ei blank linje før og etter (bruk enter-tasten). Sjølve sitatet plasserer du med eit innrykk på sida (bruk tabulatortasten). Då skal sitatet ikkje ha hermeteikn. I dømet nedanfor har eleven brukt ein større del (meir enn tre linjer) av det same intervjuet: Hva vil folk si er ei historie om umogleg kjærleik: Jeg har ventet på å bli moden nok til å kunne formidle denne historien på en nyansert måte. Det viktigste er at det ikke blir en fortelling om de slemme foreldrene og den stakkars jenta som blir utsatt for ulike ting, men å prøve å se begge sider. Det er en kjærlighetshistorie mellom en far og datter. En umulig kjærlighet. (Nydal, 2016).Vurderingseksemplar

og det var viktig for Haq å fortelje denne historia på ein nyansert måte.

Ein hovudregel når du siterer noko direkte, er å føre opp sidetalet du har funne sitatet på. I dei to døma vi har vist her, er kjeldene frå nettaviser, der kjeldene ikkje har sidetal. Derfor er det ikkje ført opp sidetal her. Om du siterer ei bok eller ein artikkel som har sidetal, skal du ta med sidetal. Då ville det til dømes sjå slik ut: (Nydal, 2016, s. 3)

Å parafrasere ei kjelde

Du kan også skrive om og gi att innhaldet i kjelda med dine eigne ord. Dette kallar vi å parafrasere. Heller ikkje dette bør du gjere for mykje

This article is from: