
1 minute read
............................. 75 Dei episke sjangrane
from 9788203405945
heim. Slike mønster eller grunnforteljingar brukar vi også når vi skal gi meining til vårt eige liv. Kvifor har grunnforteljingane våre ofte same mønster? Korleis trur du vi lærer desse grunnforteljingane? Mange oppfattar ungdomstida som ein fase der vi gradvis bevegar oss vekk frå heimen, før vi etter kvart skal klare oss sjølve ute i den store ↥ Vurderingseksemplar verda. Der møter vi på nye og store utfordringar, som til dømes å ta ei utdanning, å finne ein jobb, å etablere ein eigen heim og kanskje også stifte eigen familie. Strukturen er den same som i eventyra:
Vi bevegar oss frå heimen, ut i verda og tilbake igjen til ein ny heim.

Dei episke sjangrane
Menneska har alltid fortalt historier. Før vi fekk skriftspråk, levde dei berre som munnlege forteljingar som blei fortalde rundt leirbålet eller i andre samanhengar der folk var samla. Nokre forteljingar har kanskje først og fremst tent som underhaldning og tidsfordriv, medan andre har vore fortalde for å gi svar på små og store spørsmål. Mytologiske