1 minute read

Bøying i norsk

innhaldsord funksjonsord Dei ti ordklassane vi har i norsk, er ikkje felles for alle språk. Det finst til dømes språk som ikkje har adjektiv eller preposisjonar. Men dei aller fleste språka i verda har verb og substantiv. Desse ordklassane utgjer saman med adjektiv og enkelte adverb det vi ofte kallar for innhaldsord. Det er ord med eit sjølvstendig meiningsinnhald, og dei viser til fenomen som anten finst, eller som vi kan førestille oss, til dømes ein katt, eit troll, eit samfunn, gul, å hoppe. Dei andre ordklassane utgjer funksjonsorda. Desse orda er kjenneteikna ved at dei først og fremst viser til funksjonar dei har i språket. I motsetnad til innhaldsorda blir funksjonsorda sjeldan skifta ut eller endra. Dei fungerer som limet i språket vårt. Samtidig er det stor variasjon mellom ulike språk når det gjeld typar av funksjonsord. Norsk har til dømes preposisjonar i dei fleste setningar, for å vise tilhøvet mellom ord og ordgrupper i setninga. I finsk og samisk har dei langt sjeldnare preposisjonar. Dei legg anten til eit setningsledd i slutten av ordet, eller så bøyer dei ordet. På den måten får dei fram det same som vi gjer med våre preposisjonar. Vurderingseksemplar

Les dei to første setningane i avsnittet ovanfor. Kva for ord er innhaldsord, og kva for ord meiner du er funksjonsord?

bøying Bøying i norsk

Du har heilt sikkert høyrt ordet bøying før. «Bøy substantivet bil» har kanskje læraren sagt, og du seier «bil, bilen, bilar, bilane». Men kva er bøying? Det kan handle om å leggje til noko, som i tilfellet med bil, som får endingane -en, -ar eller -ane. Det kan også handle om å endre noko, som når ein skiftar vokal i verbet å lese (no les eg – i går las eg) eller i substantivet and (ei and – fleire ender).

This article is from: