1 minute read

Scene og skjerm skilnader og likskapar

Teater som aktivitet har eksistert lenge før dramaet som tekst oppstod.

Historikarane har funne teikn som tyder på at det å spele teater er noko mennesket har drive med til alle tider. Hòlemåleri og helleristingar frå steinalderen viser motiv av folk som har kledd seg ut, som spelar instrument, og som deltek i ein dans eller eit ritual. Scenene inneheld fleire av dei elementa vi i dag set i samanheng med teateret: kostyme, musikk og menneske som bevegar seg i eit bestemt mønster framfor eit publikum. Kanskje verkar vegen lang mellom teaterframsyningane i storbyane, dei utrulege historiene til eventyrforteljaren ved leirbålet og rituala til urfolka, men éin viktig ting har likevel desse tre døma til felles.

Skodespelaren, eventyrforteljaren og sjamanen er alle formid larar som håpar å røre så sterkt ved tilhøyrarane at dei blir rykte ut av den vande kvardagen sin og kjem i kontakt med noko større enn seg sjølv. og seriar. Nemn nokre skilnader og nokre likskapar mellom drama på scena og drama på skjerm. Scene og skjerm – skilnader og likskapar I dette kapittelet skal vi sjå på døme frå både teaterscena og filmlerretet. Desse to formene for drama har mykje til felles. I begge tilfella jobbar fagfolk med å formidle ei forteljing dei vil vise fram for eit publikum. Både i filmverda og teaterverda må forfattarar, regissørar, skodespelarar, kostymemakarar, lys- og lyddesignarar og ei rekkje andre fagpersonar dra i same retninga for å klare å gjere inntrykk på tilskodarane. Mange av prinsippa dei følgjer, er dei same. Men det er også nokre viktige skilnader mellom dei to dramaformene. Skodespel på teaterscena blir Vurderingseksemplar ofte kalla for augeblinkskunst. Framføringa skjer her og no, og to framsyningar er aldri heilt like. Publikum er til stades i det same rommet som skodespelarane, og kommunikasjonen går dermed to vegar: Skodespelarane kan få tilskodarane til å le, gråte eller kanskje kjede seg, og denne responsen frå salen påverkar samtidig prestasjonane til dei som står på scena. Skodespelarane kan til og med snakke direkte til tilskodarane, konfrontere dei og slik gjere dei til aktive deltakarar i framsyninga. På film kan skodespelarane derimot ikkje vite noko om reaksjonane frå publikum. Dei kan heller ikkje framføre replikkane på ein annan måte neste kveld; når filmen er klipt og ferdig produsert, er resultatet endeleg.

This article is from: