1 minute read

Ortografien i norsk

Vanskeleg å velje? ↦

ortofoni

ein ikkje vore like opptekne av valfridom i rettskrivinga. Mange er heller ikkje klar over kva for valfridom som finst. Samtidig skal vi ikkje gløyme at det er mange valfrie former i bokmålet, og at det er fullt mogleg å utnytte denne valfridommen dersom ein ønskjer det. I norsktimane legg vi vekt på at du skal skrive orda rett. Vi er med andre ord normative når det gjeld skrivemåten. Nokre av rettskrivings reglane har vi alt vore innom – til dømes at vi markerer kort vokal med dobbel konsonant, som i bille og flytte, og lang vokal med enkel konsonant, som i bile og flyte. Eit viktig prinsipp i norsk rettskriving er ortofoni (av orto, «skrift», og fon, «lyd»). Det vil seie at vi skal kunne skrive eit ord så nær uttalen som mogleg, og at vi kan forstå uttalen av ordet ved å sjå på korleis det blir stava. Eit døme på det er at vi skriv filosofi for Philosophie og teip for det engelske lånordet tape. Kjenner du til lånord som har fått ein ortofon skrivemåte? Vurderingseksemplar

↥ Det er skilnad mellom å slepe og sleppe nokon inn døra. (Illustra sjon: Kristoffer S. Mathisen / Nynorsk senteret.)

This article is from: