1 minute read

Nytta av setningslære

Ei setning kan innehalde eit ledd inni eit ledd inni eit ledd osb., som russiske matrjosjkadokker. ↦

adverbial (som ikkje, vel, dessverre, aldri osv.), kjem også dette leddet før det finitte verbalet. I heilsetningar er det omvendt – der kjem setnings adverbialet etter verbalet. Heilsetning Leddsetning Emma har aldri sett Oliver. ... at Emma aldri har sett Oliver Læraren likar ikkje bråk. ... fordi læraren ikkje likar bråk Agenten trekte pistolen. ... kvifor agenten trekte pistolen Ordstillinga i leddsetninga er fast, og vi får ikkje den fleksibiliteten som vi har i heilsetningar. Vi kan til dømes ikkje flytte eit adverbial heilt til starten av leddsetninga, slik vi kan gjere i heilsetningar. Vurderingseksemplar

Nytta av setningslære

I dette kapittelet har du lært nokre fagord om syntaks og korleis vi byggjer opp setningar på norsk. Denne kunnskapen er nyttig ikkje berre når du skal analysere setningar. Å vite kva fagorda betyr, å kunne bruke dei og vite kva for moglegheiter du har når du skal setje saman dei ulike setningsledda, er nyttig også når du skriv sjølv. Det kan gjere at du skriv meir variert og presist, og at du får ein betre flyt i språket ditt. Slik kunnskap kan også gjere det enklare for deg å forstå tilbakemeldingane frå læraren din. No forstår du kanskje betre kva læraren meiner når ho eller han seier: «Her må du flytte adverbialet», eller «Hugs at det alltid er komma når leddsetninga kjem først»?

This article is from: