
1 minute read
Språkkontakt og språkendring
from 9788203405945
– ja, i dei fleste statar i verda – er det venta at du skal snakke standard språket dersom du vil opp og fram i samfunnet.
Korleis ville du takle det dersom du måtte snakke ein annan dialekt på skulen enn den du snakkar heime?
Sjølv om dialektane har høg status i Noreg, er det ikkje heilt uvanleg at folk endrar på talemålet sitt. Det kan skje når folk flyttar, eller når dei kjem inn i eit heilt nytt sosialt miljø. Slike talemålsendringar kan skje gradvis, utan at folk tenkjer så mykje over det. Talemålsendringar kan også skje som resultat av eit tydeleg val. Nokre blir berre lei av å høyre at dei har ein «morosam» eller «sjeldan» dialekt, medan andre berre vil bli forstått. Kva synest du om at folk endrar på talemålet sitt og snakkar ein «blandingsdialekt»? Språkkontakt og språkendring Tenk deg at alle fireåringane i ein barnehage bøyer verbet å gå som gådde i preteritum. Har vi då fått ei språkendring? Nei, for framleis er dette eit typisk trekk berre ved barnespråk. Vi kan heller ikkje utan vidare snakke om språkendring når det dukkar opp trekk ved ungdomsspråk eller slang, til dømes desse orda: • å snitsje (frå engelsk to snitch, «sladre»): «Eg snitsjar ikkje på han.» • å hooke (frå engelsk to hook): «Maria hooka med ein russ.»Vurderingseksemplar
For at vi skal kunne snakke om språkendringar, må det vere snakk om større og varige språktrekk som har ei vesentleg utbreiing i språksamfunnet. Eit døme på dette er at skarre-r har teke over for rulle-r i mange dialektar, at bergensk talemål ikkje lenger har hokjønn i substantiv, eller meir overordna: at den norsken vi snakkar i dag, er heilt annleis enn den norsken vikingane snakka for 1000 år sidan.