
1 minute read
Hersketeknikkar
from 9788203405945
Har du nokon gong følt deg overkøyrd i ein diskusjon utan at du heilt skjønte kva som skjedde? I så fall kan det hende du har blitt utsett for hersketeknikkar. Hersketeknikkar er metodar som ein person eller ei gruppe brukar for indirekte å «herske» over andre personar eller grupper. Når andre brukar hersketeknikkar på oss, får det oss gjerne til å kjenne oss små og usikre. Det er også meininga, sjølv om avsendaren ikkje alltid er medviten om det. Det er ein måte å «herske» over andre menneske på som er både uhøfleg og ureieleg.
I mange samanhengar kan ungdom bli utsette for hersketeknikkar frå vaksne menneske. Det er dette som skjer når vaksne ikkje tek argumenta til ungdommen på alvor, men heller seier at «det er flott at ungdommen engasjerer seg!», utan å ta innover seg den bodskapen dei engasjerer seg for. Mange kvinner opplever også å bli utsette for hersketeknikkar i det offentlege rommet og på arbeidsplassen. Dersom vi brukar ein hersketeknikk i ein diskusjon, kan vi kanskje få den andre til å tvile på saka si eller bli så usikker at ho eller han ikkje kjem på fleire gode argument. Men den andre blir neppe meir overtydd av den grunn. Tenk sjølv: Dersom du i ein diskusjon har blitt sett ut fordi den andre lo av deg, himla med auga, snakka nedlatande til deg eller sa at «dette meiner du berre fordi du er sånn og sånn». Blir du eigentleg meir einig med diskusjonspart naren av den grunn? Truleg ikkje. Også i debattar er hersketeknikkar ganske vanleg. Den som brukar hersketeknikkar, kan kanskje få den andre til å bli meir usikker eller verke «liten», men det er sjeldan at publikum blir noko meir overtydde av den grunn. I tillegg Vurderingseksemplar gjer det debatten dårlegare. Det blir vanskelegare å følgje resonnementa, og det blir uklart kva ein eigentleg er ueinige om.