
4 minute read
Setningsledd
from 9788203405945
kasus Ikkje alle språk har ei slik fast stilling på ledda i ei setning. I språk som brukar kasus, til dømes samisk, tysk og finsk, kan orda stå i ei meir tilfeldig rekkjefølgje. Kasus vil seie at orda har ei bøyingsform som viser kva for grammatisk funksjon dei har i setninga – til dømes kva som er subjekt, og kva som er objekt. På norsk har vi restar av dette kasus-systemet i pronomena:
• Eg slo deg. • Deg slo eg.
Desse to setningane har den same meininga sjølv om rekkjefølga er ulik. Det er eg som slår, og du som blir slått, i begge, og det er bøyingsforma av pronomena som bestemmer meininga. Men det er berre med pronomen vi kan gjere det slik i setningane.
Setningsledd I syntaksen står nemninga setningsledd sentralt. Setningsledd utgjer delar av ei setning og kan vere samansette av eitt eller fleire ord. Vi brukar setningsledda til å seie noko om kva funksjon eit ord eller grupper av ord har i setninga som heilskap. I syntaksen studerer vi nemleg ikkje dei ulike orda kvar for seg, men som delar av ei setning. Du finn ei oversikt over setningsledda, og kva dei tyder, i tabellen nedanfor. Setningsledd Døme Funksjon Verbal • Lisa slår Per. • Lisa slo Per. • Læraren slett ikkje elevane lekser. Verbalet uttrykkjer handlinga i ei setning.
setningsledd Du kan spørje: Kva er det som skjer?Vurderingseksemplar
Subjekt • Lisa skal slå Per. • gjorde henne deprimert. • I dag er glad. Subjektet viser kven eller kva som utfører verbalhandlinga. Du kan spørje: Kven eller kva er det som + verbalet?
Direkte objekt • Læraren vil slett ikkje gi elevane lekser. • Maria gav Hassan eit kyss. Direkte objekt uttrykkjer det som handlinga i setninga er retta mot. Du kan spørje: Kva eller kven var det + subjekt + verbal?
Setningsledd Døme Funksjon
Indirekte objekt • Læraren vil slett ikkje gi lekser. • Maria gav eit kyss. Det indirekte objektet viser kven noko blir gjort for. Du kan spørje: For kven eller til kven + verbal + subjekt + objekt?
Predikativ Matboksen er . Elevane var og . Predikativet kan gi ei nærare skildring av subjektet eller objektet. Vi må ha predikativ etter usjølvstendige verb som vere, bli, heite, synast og kallast. å spørje: Kva + verbal + subjekt/objekt?
Adverbial Kva skal vi lese i ? Anna spring fort. Petter har ikkje gjort leksene sine. Det er bra. Adverbialet kan gi utfyllande informasjon om verbalet, knytt til tid, stad, årsak og måte, og kan verke forsterkande.
mellom anna ved å spørje når, kvar, kvifor, korleis, kor ofte eller kor sannsynleg. verbal Verbalet er det viktigaste setningsleddet. Det er heilt nødvendig for at vi i det heile skal ha ei setning. Når vi analyserer setningar, tek vi alltid utgangspunkt i verbalet. Verbalet kan vere eitt ord, som slår i setningane ovanfor, eller det kan stå saman med eitt eller fleire hjelpeverb hjelpeverb, som «Lisa skal slå Per». Eit samansett verbal, som i det siste tilfellet, har ein finitt del og ein infinitt del. Den finitte delen er den som kan bøyast (som skal i dømet ovanfor), medan den infinitte delen vanlegvis ikkje kan bøyast (som slå i dømet ovanfor). Dersom vi bøyer det finitte verbet i dømet ovanfor i fortid, blir det til «Lisa skulle slå Per». Her er det altså den finitte delen av verbalet som blir bøygd. Verbalet er alltid eit verb. Vi må vere merksame på denne skilnaden: Verb er ein ordklasse, medan verbalet er eit setningsledd. imperativsetning Vi kan klare oss med berre verbalet i imperativsetningar: «Les!», subjekt «Gå!». For å få ei fullstendig forteljande setning på norsk må vi likevel ha med subjektet. Som regel er subjektet eit substantiv, men nok ein gong må vi vere merksame på skilnaden: Substantiv er ein ordklasse, medan subjektet er eit setningsledd. Subjektet kan til dømes også vere eit pronomen («Han las alltid ved bordet»), eller det kan vere ein frase med mange ord («Den vesle jenta med musefletter plukkar seg ofte i nasen»). Kravet om subjekt i forteljande setningar gjer at vi i norsk føyer til eit subjekt sjølv om det eigentleg ikkje er nokon som gjer noko.
Vurderingseksemplar
formelt subjekt
objekt
direkte objekt
indirekte objekt Vi seier «Det regnar» når vi ser at det plaskar utanfor vindauget, men det er jo ingen som regnar! Vi spør også «Skjer det noko?» når vi tilfeldigvis møter ein vi kjenner. Det innhaldstomme subjektet (det) blir ofte kalla for formelt subjekt fordi det fyller den vanlege plassen til eit subjekt. Islandsk har ikkje slikt krav om subjekt i setningar. Islendingane seier berre «rignir» («regnar»), og spør «gerist eitthvað?» («skjer noko?»). Heller ikkje italiensk, spansk, portugisisk, polsk og tyrkisk – for å nemne nokre språk – treng alltid subjekt i setningane sine. I spansk seier ein «está lloviendo» og brukar eit hjelpeverb for å få fram at det regnar («er regnande»). I fransk og Vurderingseksemplar engelsk må ein derimot ha subjekt. «Il pleut», heiter det i fransk.
Objekt deler vi i to typar. Det direkte objektet viser kven eller kva handlinga er retta mot: «Maria klappa den svarte katten.» Når ein har direkte objekt, kan ein også ha indirekte objekt, alltid på plassen før det direkte objektet: «Maria gav den svarte katten mat.» Her er mat det direkte objektet, medan den svarte katten er den som fekk nytte av objektet, og er dermed indirekte objekt. Både direkte og indirekte objekt er ofte eit substantiv. For å finne det direkte objektet spør ein kva: Kva gav Maria? Jo, ho gav mat. Mat er derfor direkte objekt i denne setninga. For å finne det indirekte objektet spør ein til/for kven:
Då ser vi at den svarte katten er indirekte objekt her.