
1 minute read
Samansette ord
from 9788203405945
Også framgangsmåten til Pippi er uvanleg: Ho lagar først eit ord, og så prøver ho å gi ordet ei meining. Det vanlege i ordlaginga er anten å ta utgangspunkt i ein ting eller eit fenomen, og så lage eit ord for det, eller å låne (eller importere) ord frå eit anna språk. Vi skal sjå døme på både splitter nye ord og på ord vi har lånt frå andre språk.
Samansette ord
Å slå saman to eller fleire ord (jord + bær) er den mest vanlege måten å lage nye ord på i norsk. Slike ord kallar vi for samansetjingar eller samansette ord. Vi kan bruke ei samansetjing til å lage nye samansetjingar. Ordet samansetjingar samansette ord jordbær kan vi slå saman med åker, slik at vi får jordbæråker. Vi finn slike samansetjingar i tysk, til dømes Eerdbeerfelder. På fransk brukar dei heller uttrykk med preposisjon: champ de fraises, direkte omsett åker av jordbær. Flyskam blei kåra til årets nyord i Sverige i 2019. Ordet har gitt nye ord også på andre språk: « » på engelsk, « » på tysk, «vergüenza de volar» på spansk og «honte de prendre l’avion» på fransk. Ein vanleg skrivefeil i norsk er særskriving av samansette ord. Kva er det som har gått gale her? Vurderingseksemplar