3 minute read

Arbeidsstoff

Oppsummeringsspørsmål

1 Kva meiner vi med omgrepet ytrings fridom? 2 Kva kjenneteiknar ein god ytringskultur? 3 Kvifor er det viktig å vere ein god lyttar? 4 Kva er skilnaden mellom ein diskusjon og ein debatt? 5 Kva vil det seie å argumentere? 6 Kva meiner vi med eit resonnement? 7 Kva for tre delar er eit argument bygd opp av? 8 Kva kan vere grunnen til at ein lét delar av argumentet vere implisitt? 9 Kva vil det seie at eit argument er haldbart? Kva vil det seie at det er relevant? 10 Kva meiner vi med hersketeknikk?

Oppgåver i klassen

Diskuter spørsmåla nedanfor i klassen eller i mindre grupper. a) Tittelen på dette kapittelet er «Å ytre seg og bli høyrd». Kva tyder denne formuleringa? Kvifor er det å ytre seg og å bli høyrd viktig både i ein klasse og i eit demokrati? b) Korleis er ytringskulturen i klassen dykkar? Kva er det som gjer han god, og kva er det eventuelt som gjer han mindre god? c) Korleis signaliserer de at de lyttar når ein medelev seier noko? Korleis pregar det diskusjonsklimaet i klassen når ein lyttar aktivt? d) Har de sjølve vore del av ein dårleg ytringskultur? Kva kunne de gjort i den konkrete situasjonen for å skape ein meir konstruktiv ytringskultur?

2 Argumentasjon i talen til Greta Thunberg a) Les talen til Greta Thunberg på side 142–143. Kva er hovudpåstanden til Thunberg, kva er belegget, og kva er heimelen i argumenta hennar? b) Kva for delar av argumentet er implisitte, og kva for delar er eksplisitte? 3 Arranger ein diskusjon Vurderingseksemplar I denne oppgåva skal du øve deg på å debattere, men også på å lytte til og vurdere argument frå andre. a) Alle i klassen skriv ein påstand på ein lapp. Det treng ikkje vere ein påstand argument både for og imot han. Du bør også tenkje gjennom kva som er belegget og heimelen for denne påstanden. Døme på påstand kan vere «16-åringar bør få stemmerett» eller «ingen fotballag bør toppast før

spelarane er over 16 år». Læraren samlar inn lappane. b) Klassen deler seg i grupper på tre. Kvar gruppe får utdelt ein lapp med ein påstand. Kvar gruppe skal ha to debattantar og éin ordstyrar. Den eine debattanten skal vere for påstanden og den andre imot. c) Deltakarane får ti minutt til å setje seg inn i temaet og førebu minst tre argument. Argumenta skal henge saman og danne eit resonnement. Ordstyraren brukar tida på å førebu debatten og få oversikt over dei vanlegaste argumenta for og imot påstanden. d) Kvar gruppe diskuterer påstanden framfor resten av klassen. Disku e) Etter kvar diskusjon skal resten av klassen vurdere både argumenta og sjølve debatten. De kan ta utgangspunkt i desse punkta: • Kva er påstand, belegg og heimel i argumenta? • Var argumenta haldbare og relevante? • Kva var deltakarane ueinige om? • Fekk debattantane fram dei viktigaste argumenta? 4 Førebu deg på overraskande argument gruppe. På to av lappane står det ein påstand. Lappane blir merkte som «påstand 1» og «påstand 2» på oversida. På den tredje lappen står det «IMOT», og på den fjerde står det «FOR». Lappane må

brettast, slik at elevane ikkje kan sjå kva det står på dei. b) Gruppene går til ein stad der dei kan diskutere uforstyrra. No skal to elevar diskutere, medan dei to andre er publikum. Elevane som er publikum, set på ein tidtakar på to minutt. c) Elevane som diskuterer, trekkjer ein lapp med ein påstand og ein lapp som viser om dei skal vere for eller imot påstanden. Begynn diskusjonen med ein gong. Klarer de å kome på over tydande argument utan førebuing? d) Etter tre minutt avsluttar de diskusjonen. Dei to elevane i publikum vurderer diskusjonen. Var argumenta over tydande? Var dei haldbare og relevante? 5 Debatt om klimapolitikk I denne oppgåva skal de debattere klimapolitikk, nærare bestemt korleis Noreg skal klare å kutte i CO2-utsleppa sine. Gå i grupper på fem. Ein elev er dei er ein av desse personane: • partileiaren i FrP • talsperson for MDG Vurderingseksemplar • leiar i Naturvernforbundet • direktør for Equinor a) Førebu minst tre argument, men ver også førebudd på å improvisere. Hugs at argumentet ditt skal ha både ein påstand, eit belegg og ein heimel som stemmer med det synet personen har på CO2-kutt. b) Når du førebur deg, skal du også vere medviten om korleis personen du skal framstille, ville ha brukt dei retoriske appellformene.

This article is from: