
4 minute read
Søstersongar
from 9788203405945
Kristina Leganger Iversen (1989–) Kristina Leganger Iversen er frå Bergen og bur i Oslo. Ho har gitt ut bøkene Hjartemekanikk (2011) og I ringane (2015). Ho er litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar. Diktet «Søstersongar» er skrive til ein antologi med andre nordiske forfattarar.
Ho veks i havet ho gror i bølgjene ho bølgjer i moras magemørker slik hendene våre stryk over huda spent som ein tromme under hennar slag og spark her er eg slår det og det der er henne, slaget, sparket, bølgjene under hinna snart kjem ho springande sprengande med eit blikk og eit skrik som krev å bli sett som menneske Det første ordet ho seier er ikkje ord, men lys og for henne er ikkje ordet men lyset først Vurderingseksemplar og etter lyset stig ordet opp mellom mørket mellom leppene mellom spalta mellom kjøtet og anden kjem ordet lys strålande strekte ho seg mot vindauga der lyset strauk over spora over hennar hender, lys strekker stemmen seg lys seier ho strålande som i henne som i å kjenne att som seier ho sitt namn som stråler deira ansikt som speglar mot kvarandre for hennar første namn er sol, søstera og som sola stråla ho frå ho kom over himmelen og jorda
Det andre namnet hennar er Johanne oppkalla ikkje etter døyparen men etter farmora og etter hendene hennar om epletrea og slik blomane veks til frukt under sollyset veks ho fram under orda og sola med barfødde bein rota i parketten og før ho reiste seg og språket reiste seg ut av brystet bølgjesprang fingerstrekkande gjennom stova stryk stemmene over ansiktet hennar lokkar synet med munnen mot auga kallar lokkar lokka Sol, lille Sol sjå på meg lille Solveig Slik stemmen trenger auget å spire etter står ordet i lysets teneste spirer Sol av sol av augestråle slik epletreet spirer av sola ber himmelen som krone Seinare skal vi stå framfor spegelen og følgje desse hendene som auga våre våre eigne Som tankane som orda våre eigne Våre eigne berre som våre som oss sjølve Vurderingseksemplar i kvarandre
Der er du, skal eg seie ser du, der er solsøstera
Ser du der er auga dine ansiktet ditt
Ser du dette som høyrer til deg dette som høyrer til menneska
Sol som sola som i strålane ned mot treet Johanne som i hendene om stammen
Kvinne som i strakte seg etter frukta frykta fruktene og dette som er raudt som er kjøtet som er fødsla og livet som er døden som er eple som er kvinne som er auge som i fødselen som i fallet i lyset og i mørkret i auga ifrå byrjinga og ifrå før byrjinga
Første gang du såg på meg såg eg auga til mor di, som ikkje er mi dette i deg som var heilt nytt heilt nytt og uendeleg gamalt
Ho strekker seg mot ord og strekker seg ut av barndomen gjennom spegelen og språket Ho er fem år og legger handa på hofta då eg tar bilete trutar munnen og når eg spør kvar har du lært det rister ho på skuldrane. Ho får mobiltelefon og tar sjølvis og ser sitt eige ansikt gro inn i dette ulne og mjuke ho ikkje kjenner, ho les om mensen og puberteten og seier, når han såg på meg så kilte det sånn i magen. Siste dagen hennar på besøk ser ho seg sjølv i spegelen med det ansiktet eg har blitt vant til at ho ser eg sjølv i.
Eg synest ansiktet mitt har blitt meir vakse denne helga, seier ho.
Ho gror inn og ut av barndom og ungdom, i løpet av dagen har ho fleire aldrar. Ho blir vaksen framfor spegelen og spør om å få låne leppestift, blir barn framfor middagsbordet og spør om å få sleppe grønsakar blir vaksen igjen i sofaen framfor ein femtenårsfilm, visst har ho sett skumlare filmar før enn denne! Barnet gror og falmar inne i henne som lyset gjennom dagen mot kvelden når søvnen og barnet kryp fram i ly av nedrulla gardiner og utslåtte sovesofaer, når bamsen Charlie synger songane mora song og synger kvar kveld.
Vurderingseksemplar
I kveldinga er barnet lite og mora mor. I natta draumar ho at ho er ei vaksen kvinne.
Oppgåver
Frå Nordisk NU, 2018.
1 Les diktet for deg sjølv. Legg merke til kva du festar deg ved medan du les. Strek under ord og verselinjer du meiner er interessante, urovekkjande eller vanskelege å forstå. Noter anten i ei skrivebok eller direkte på arket dersom du har ein kopi av diktet. 2 Kor godt forstår du diktet? Kva trur du det handlar om? Ranger forståinga di på ein skala frå 1 til 10. Gjer det same to gonger til. Endrar forståinga di seg for kvar gong du les diktet? Korleis endrar ho seg, i så fall? Har du spørsmål til diktet? Skriv dei ned. 3 Sjå på korleis diktet er komponert. Skildre korleis innhaldet er ordna. Finn du ei utvikling i handlinga i diktet? Skildre denne utviklinga og grunngi det du meiner, med døme frå diktet. 4 Korleis vil du beskrive språket i diktet? Finn du døme på språklege verkemiddel? Kva funksjon har desse språklege verkemidla for måten du forstår diktet på? 5 Gå saman med ein medelev og diskuter det de har kome fram til. Del 6 Arbeid i par og samskriv ein tekst der de brukar det de har funne ut så langt. Teksten kan til dømes innehalde eitt avsnitt om komposisjonen i diktet og eitt om språket i diktet. Vurderingseksemplar 7 Kven er «ho» i diktet? Korleis blir ho skildra? Og kven er «eg»? Kva er relasjonen deira? 8 Korleis tolkar du den siste strofa i diktet? 9 Diktet heiter «Søstersongar». Kva fortel dette diktet om det å vere søsken? Handlar det om andre ting også? Skriv eit siste avsnitt på teksten du skreiv i oppgåve 6, som tek føre seg dette.