1 minute read

Konflikt

historia, til noko som har skjedd tidlegare. Også tilbakeblikk kan vere meir eller mindre tydelege, og spranga kan vere korte eller lange.

Tenk på nokre viktige hendingar i livet ditt. Korleis trur du dei har vore med på å prege kven du er? Kva rolle spelar dei i historia om livet ditt?

Titanic ↧

For at ei forteljing skal bli noko meir enn ei opplisting av ting som skjer etter kvarandre, trengst det ein konflikt. Ein konflikt er eit problem, ei utfordring eller ein motsetnad, noko som krev ei løysing. Konflikten er det som «driv» forteljinga, det som gjer at vi ønskjer å lese vidare for å finne ut av kva som skjer. Det er konflikten som skaper spenninga. Ein klassisk konflikt har kjærleiken som utgangspunkt: Hindringar må overvinnast for at dei to elskande skal få kvarandre. Denne konflikten finn vi att i litteraturen frå dei eldste tider til i dag, og dessutan i ei lang rekkje teaterstykke, filmar, tv-seriar og teikneseriar. Vurderingseksemplar

This article is from: