1 minute read

Å vurdere kjelder

Kan du hugse å ha besøkt ein nettstad som ikkje verka påliteleg? Kvifor var du skeptisk til denne nettstaden?

Dei aller fleste nettsøka gjer vi i ein søkjemotor, til dømes Google.

Det kan også vere lurt å gå direkte til kvalitetssikra nettstader du kjenner frå før – til dømes nrk.no, snl.no (Store norske leksikon) og forskning.no (ei kvalitetssikra nettavis for norske og internasjonale forskingsnyheiter). Desse nettstadene har eigne søkjemotorar som lèt deg søkje etter informasjon internt på nettstaden. Når du skal søkje etter informasjon om ein spelefilm, kan det til dømes vere lurt å søkje i nettavisene etter filmmeldingar, omtalar og intervju med regissøren. Eit problem med kjeldesøk på internett er at ein ofte får altfor mange søkjetreff. Då har du ikkje søkt presist nok. Dersom du får få relevante treff på søket ditt, kan du vurdere om du kan utvide søket ditt ved å bruke andre søkjeord. Hva vil folk si og kulturmøte? Å vurdere kjelder Med så stor tilgang til informasjon som vi har, kan det vere vanskeleg å vite kva som er informasjon vi kan stole på og ikkje. Det finst eit internasjonalt faktasjekknettverk, og i Noreg jobbar organisasjonen Faktisk.no med å avdekkje og forhindre spreiing av falske nyheiter, Vurderingseksemplar

This article is from: