
1 minute read
Ulike blikk, ulike perspektiv Oppsummering: forteljar og
from 9788203405945
Kenneth beit seg i tunga, og kjente tårene presse på. Tor André banna og reiv opp døra. De andre fulgte etter. Terje måtte krype ut på Kenneths side. Kenneth ble stående i grøfta og kikke opp mot veien. De hadde akkurat unngått å kjøre inn i ei klynge med bjørketrær, og først nå så han hvor bratt det var. Han hadde fortsatt en synkende følelse i magen. Han spytta i snøen og så den bli rød. Kjente jernsmaken i kjeften.
Plasseringa av synsvinkelen kjem tydelegast fram gjennom formuleringar som skildrar kva Kenneth opplever og ser: «Kenneth kjente»,
«det kilte i magen», «først nå så han». Kva Kenneth kjenner, og kva han ser, kan vi ikkje vite utan at synsvinkelen ligg hos han. Men kva dei andre tenkjer og føler, får vi ikkje vite. Det må vi berre slutte oss til ut frå det dei seier og gjer. Akkurat det er viktig for novella som heilskap, fordi eit sentralt og uoppklart spørsmål nettopp er kva for kjensler personane har overfor kvarandre. Ulike blikk, ulike perspektiv Det å velje forteljar og synsvinkel er alltid også å velje eit bestemt perspektiv på det som blir fortalt. Ein personal forteljar kan vere barn, ungdom, vaksen eller gammal, og dette vil truleg påverke kva forteljaren ser, tenkjer og gjer. Det kan ha konsekvensar både for kva som blir fortalt, og korleis det blir fortalt. Er forteljaren børsmeklar, sjukepleiar eller lagerarbeidar? Frå storbyen eller frå landet? Kvinne eller mann? Det er ikkje alltid at ein forteljar lèt seg identifisere ut frå slike kategoriar, men både personale og autorale forteljarar vil likevel alltid målbere nokre perspektiv, haldningar og verdiar som vil farge framstillinga. Det gjeld til dømes kva for personar vi blir inviterte til å ha Vurderingseksemplar sympati med, kva for handlingar eller hendingar som blir framstilte som positive og negative, korleis ulike miljø blir skildra, kva som blir framstilt som normalt og unormalt, og så vidare.
Derfor må vi alltid ha eit vakent auge til forteljaren når vi les episke tekstar. Kva vil forteljaren? Kva for haldningar formidlar han eller ho? Og kan vi stole på det forteljaren fortel?