1 minute read

Siw-Anita Kirketeig Fargeriket

Next Article
statistikken

statistikken

Siw-Anita Kirketeig (1988–) Siw-Anita Kirketeig er frå Dale i Sunnfjord. Ho har tidlegare studert både ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og ved Kunst høgskolen i Bergen. Ho debuterte i 2012 med Alt kjød er grønt gras.

når kvelden kjem har eg verda på fingrane, og mor fortel om eit fargerike, der ulven et blomar og lammet luktar som varme som blome ei elv renn gjennom landskapet vatnet er vått lys og alle trea som veks langs elvebredda vil bere frukt heile året kvar morgon vaknar eg i håpet: Vurderingseksemplar at kvar ny blome, kvart blad som mørknar grønare er teikn på kva verda skal vekse inn i, at fargeriket skal kome kvar kveld må eg vaske verda av fingrane for å kunne drøyme igjen

Diktet er publisert på forfatternesklimaaksjon.no

Oppgaver

1 assosiasjonar du får, og spørsmål du har til diktet. 2 Kva er motivet i diktet? Prøv å teikne det som diktet skildrar. Samanlikn teikninga di med ein medelev. Har de «sett» det same? 3 Skildre «fargeriket» som mora fortel om. På kva måte skil dette «riket» seg frå den «vanlege» verda? 4 ein medelev. 5 Peik på andre verkemiddel du legg merke til i diktet. Kva verknad meiner du dei har? 6 Kva seier denne teksten deg? Skriv for deg sjølv i 3–5 minutt. Diskuter deretter i grupper eller i klassen. Vurderingseksemplar

This article is from: