
3 minute read
Personskildringar
from 9788203405945
Forteljaren har mykje å seie for korleis ein oppfattar personane i ein episk tekst. Ein må alltid tenkje over korleis personane blir framstilte eller skildra, og dette kallar vi personskildring. I den korte novella nedanfor av Ellen Mari Thelle (fødd 1977) møter vi to personar. Den eine er forteljaren. Denne opptrer som eit eg, og det vil seie at vi har å gjere med ein personal forteljar. Den andre personen er mannen som forteljaren møter på bussen.
Digital fotografering i praksis En halvdopa mann på 20-bussen utbasunerte gang på gang at verden, all opp for dagens ungdom. Til og begynne uenig, men likevel. Han var jo narkoman. Den rødmussende, delvis oppløste huden i ansiktet og på armene fortalte sitt om hva han hadde vært gjennom: en reise til helvetets porter og opp igjen, en drøss ganger. De andre passasjerene hadde satt seg langt foran eller langt bak. Jeg visste han var harmløs, og støttende hadde jeg derfor satt meg tre seterader bak ham. Men rett etter Carl Berner kom han plutselig forekom det meg. Det var ubehagelig. Jeg som ikke hadde gjort ham noe.
I korte glimt så jeg for meg en rekke ulike scenarioer: at han kom til å slå meg ned, spytte på meg eller trekke meg opp etter jakken. Jeg kunne muligens strekke frem en avvergende fot og slik spenne ben på ham, og jeg skulle akkurat til å sette foten ut i midtgangen da han deiset ned på setet foran meg. Han luktet lim.
– Jentungen min, sa han. – Du har også Jeg strammet grepet om vesken. Kikket ut Vurderingseksemplar av vinduet. – Hver natt pleide jeg å sette meg på sengekanten hennes, og så begynte jeg å telle fregnene hennes. Det var som å telle stjernene på himmelen, det, skal jeg si deg. Så ble han stille. Da bussen stoppet, reiste han seg. Øynene hans var våte. – Et sovende barn som er ditt, ikke sant, sa han og gikk av. Ellen Mari Thelle, Fra Tre Jo Nesbø og et båtsportkart, 2014
I denne novella blir berre den eine personen skildra direkte. Han er
«halvdopa» og «narkoman», huda har sår, og han luktar lim, får vi vite.
Dette er ei direkte personskildring, altså ei utsegn som rett ut seier noko om korleis ein person er, korleis han eller ho ser ut, eller liknande.
Slike direkte personkarakteristikkar kan kome frå forteljaren, slik tilfellet er her, eller dei kan bli formidla av andre personar i teksten.
Men personar kan også vere skildra indirekte. Ved indirekte personskildring må vi sjølve slutte oss til korleis personane er, ut frå det dei seier, gjer, tenkjer og så vidare. Slik er det med forteljaren i
«Digital fotografering i praksis». Det blir ikkje sagt noko direkte om han eller henne, men likevel er nettopp spørsmålet om kven forteljaren er, og korleis han eller ho tenkjer, heilt sentralt i novella. Kva synest du om måten forteljaren skildrar mannen på? Det kan vere grunn til å tru at forteljaren er ei kvinne, sidan mannen begynner å tenkje på ei jente når han ser henne, slik den første replikken hans fortel. Truleg er ho også nokså ung, i alle fall vesentleg yngre enn mannen, sidan ho minner han om eit barn han har kjent. Men kven er så denne unge kvinna? Tidleg i teksten får vi vite at ho medvite har sett seg nærare den narkomane mannen enn dei andre passasjerane, for å vere «støttende». Er ho mindre fordomsfull enn dei andre? Eller ønskjer ho å verke slik? «Jeg visste han var harmløs», tenkjer ho. Men kva skjer når mannen kjem gåande mot henne? Kva fortel det om henne at ho trur han skal angripe henne, og at ho gjer seg klar til å spenne bein på han? Korleis passar det saman med det ho seier om han i innleiinga? Vurderingseksemplar
Det som skjer, er noko heilt anna enn det forteljaren ser føre seg i innleiinga. Dermed blir det også klart at ho har danna seg eit heilt feil bilete av mannen. Fordi han ser ut som han gjer, og fordi han ikkje oppfører seg som alle andre på bussen, går ho ut frå at han er aggressiv og valdeleg. Slik avslører teksten at forteljaren vurderer andre med utgangspunkt i fordommar eller stereotypiar, trass i at ho altså ser ut til å vurdere seg sjølv som fordomsfri.
På denne måten viser novella oss også kva litteraturen kan gjere.
Han kan få oss til å sjå verda og menneska omkring oss med eit klarare blikk. For forteljaren er mannen først berre ein narkoman, men mot slutten blir både vi og ho klar over noko som eigentleg er heilt sjølvsagt, men som likevel kan vere lett å gløyme: Alle menneske