
1 minute read
det språklege mangfaldet
from 9788203405945
Dialektane – ein del av det språklege mangfaldet Tidlegare var det vanleg at dei som snakka ein dialekt frå landsbygda, måtte leggje om og snakke «pent» når dei skulle få seg jobb i ein butikk i byen.
Då nordlendingen Ingunn B. Hansen fekk seg jobb i ein blomsterbutikk på Bryggen i Bergen i 1960-åra, fekk ho ein tydeleg beskjed:
Teiknaren Øistein Kristiansen brukar Østfold-dialekten på tv og i videoar. Han har også eit internasjonalt publikum, og då brukar han engelsk. ↦ «Frøken Hansen, på grunn av sin dialekt, må holde seg unna kundebehandling og ta sin plass på bakrommet.» ( ) Her har det skjedd ei vesentleg endring sidan 1970-åra i Noreg. I dag tenkjer dei fleste av oss at vi kan bruke dialekten til «alt» – om vi så er statsråd, radiojournalist eller butikkmedarbeidar. Den høge statusen til dialektane er blitt så sjølvsagd at vi ikkje tenkjer over kor uvanleg han er internasjonalt. Vi skal ikkje lenger enn til Danmark før statusen er heilt annleis. Der er det normale at dei som flyttar til København, legg om til københavnsk, fordi det er sett på som det «normale». Høyrer du dialekt på dansk tv, er det ofte ein komikar eller «folk på gata», ikkje ein politikar eller ein programleiar, slik tilfellet kan vere i Noreg. I Sverige, Storbritannia, Frankrike og Spania Vurderingseksemplar