1 minute read

Døme på personal forteljar

forteljaren hovudperson i teksten, og andre gonger fungerer forteljaren berre som passiv observatør. Men kriteriet for at vi har å gjere med ein personal forteljar, er likevel at forteljaren gir seg til kjenne som ein person, som eit eg.

Døme på personal forteljar

Som regel har ein roman eller ei novelle éin forteljar gjennom heile teksten. Romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må er derimot sett saman av fire forteljingar som er fortalde av fire ulike personale forteljarar: Tarjei, Jon Olav (naboen til Tarjei), Karin (mor til Tarjei) og Trygve (venen til Tarjei, som også dreg til Afghanistan). På denne måten blir det tydeleg korleis dei same hending ane kan oppfattast ulikt frå person til person. Førstepersonforteljingar etterliknar den måten vi sjølve orienterer oss i verda på: Den personale forteljaren kan alltid berre sjå verda frå sin eigen ståstad og sitt eige perspektiv. Dette poenget blir tydeleg i dei to utdraga nedanfor. Dei handlar om ei tragisk jaktulykke der Tarjei, som er forteljar i den første delen av romanen, skyt jaktvenen Johan i hovudet ved eit uhell. For å skåne sonen tek far til Tarjei på seg skulda for ulykka, som naturleg nok pregar både personane i romanen og bygda der det meste av historia går føre seg. Her fortel Tarjei om Jon Olav (naboen): Jon Olav vet at det var meg, det er jeg sikker på, jeg så ham i vinduet da pappa og jeg kom fra skogen den dagen, han må ha sett hvordan jeg gråt, hvordan pappa holdt meg i skuldrene og gang på gang forklarte meg hva jeg skulle si. Selv om Jon Olav ikke hørte hva vi sa, var det antageligvis lett å tyde. Seinare får vi høyre kva Jon Olav tenkjer: Vurderingseksemplar

Hallvard tok skulda for at Tarjei skaut Johan i jakta. Eg visste det idet eg såg dei komme gåande heimover den dagen, og eg kan ikkje forklare kvifor – bare at det var noko som ikkje stemte. Eg såg dei diskutere utanfor vindauget, korleis Hallvard rista i Tarjei, som var grå i andletet. [...] Og ingen fann ut kva som eigentleg hadde skjedd, eller så roa folk seg med at det var til det beste at ingen fann ut kva som eigentleg hadde skjedd. at eg visste.

This article is from: