
2 minute read
Intervju med romanforfattar Helga Flatland
from 9788203405945
Intervju med romanforfattar Helga Flatland
– Bli hvis du kan. Reis hvis du må frå 2010 er debutboka di. Kan du seie litt om korleis du fekk ideen til å skrive boka? Altså, korleis begynte det? Spring ideane ut frå konkrete hendingar eller erfaringar du har gjort deg?
I 2002, då eg gjekk i andre klasse på vidaregåande, rykte dei første norske styrkane inn i Afghanistan, og den krigen har vore eit bakteppe i store delar av ungdomstida mi. For min generasjon blei det også eit høve til å verve seg, kanskje spesielt for gutane som skulle i militæret etter vidaregåande. Eg blei interessert i kva det var som gjorde at norsk ungdom oppsøkte ein offensiv krig, og kva tankar som ligg bak ei slik avgjerd. Då eg seks år seinare begynte å skrive den første romanen min, blei det utgangspunktet for ideen. – Det blir sagt at forfattarar som skriv realistisk, gjerne gjer «research» før skriveprosessen tek til. Stemmer det, og kva under søkingar gjorde du før du skreiv Bli hvis du kan. Reis hvis du må? Eg trur alle forfattarar gjer research, anten dei skriv realistisk eller ikkje, og det Bli hvis du kan. Reis hvis du må undersøkte egmykje rundt dette med militæret – til dømes små detaljar som kor raskt ein kan demontere og montere eit gevær, kor raskt det er sannsynleg å springe fem kilometer dersom ein er godt trena, men ikkje så veldig motivert, søknadsprosessar til Afghanistan og så vidare. Eg snakka med Forsvaret, med soldatar og andre om grunnar til å verve seg til krig. Og så gjorde eg ein del research på dette med landbruk, for sjølv om eg er vaksen opp på gard, og slik sett fekk ein del gratis, er det likevel slik at detaljane stemmer. – Kva trur du er den viktigaste ferdigheita ein forfattar må ha? og viljen til å gå inn i eit anna liv, på ein annan stad, og skildre verda gjennom Vurderingseksemplar deira blikk. Det er sjølvsagt ein føresetnad for alle forfattarar at ein vil og må sjølv og andre.
– Du er sjølv frå ei lita bygd, stemmer ikkje det? Kor viktig trur du det er at ein har inngåande kjennskap til det miljøet ein skildrar? Ein del av det å vere forfattar er jo også å kunne skrive om det ein ikkje kan noko om. Men det er klart at det var ein stor fordel for meg å kunne mykje om både det å vekse opp i ei lita bygd, med alt det fører med seg av miljø, dynamikk og relasjonar, og det å kunne noko om det landbrukstekniske. Det er ingen føresetnad, men det er eit godt utgangspunkt.