2 minute read

Å lage kjeldeliste

eller liknande. Du skal alltid føre opp ei kjelde når du siterer henne direkte, slik du har sett døme på ovanfor.

Det er også lurt å underbyggje påstandar som folk kan vere ueinige i, ved å vise til kjelda du byggjer på. Du treng ikkje å føre opp kjelder når du kjem med informasjon som er allment kjend, men er du i tvil, er det betre å føre opp kjelda enn å la det vere. Dette gjer teksten din meir truverdig, og du unngår å bli mistenkt for plagiat.

Du skal vise til kjelda både i sjølve teksten din – akkurat på den staden der kjelda er brukt – og i ei samla liste over kjeldene til slutt i teksten din. Denne lista kallar vi ei referanseliste eller kjeldeliste. Det skal altså vere samsvar mellom kjeldene som står undervegs i teksten din, og i kjeldelista til slutt. Alle kjelder du har brukt, skal ein kunne finne igjen i denne lista. Å lage kjeldeliste Kjeldelista skal vere alfabetisk etter etternamnet til forfattaren eller namnet på organisasjonen som står bak kjelda, dersom det manglar forfattar. Alle kjeldene skal stå i den same lista. Vi skil ikkje mellom bøker og internettkjelder. Titlar på heile verk, til dømes boktitlar, skal stå i kursiv. Titlar på delar av verk, til dømes eit dikt, ei novelle, eit eventyr, ein artikkel eller eit kapittel frå ei bok, skal stå i hermeteikn. Nedanfor finn du detaljar om korleis ein skal setje opp ulike kjelder i kjeldelista: Kjelder frå bøker forts. I kjeldelista fører du opp bøkene du har brukt, slik: Vurderingseksemplar 1 Fullt namn på forfattaren, etternamnet først. Det er nok med den første bokstaven i fornamnet. 2 Årstal for utgiving 3 Tittel på kjelda. Dersom det er ei bok, skal tittelen stå i kursiv. Er det ein artikkel, skal han stå i hermeteikn. 4 Publiseringsstad (by) og namn på forlag (gjeld bøker og liknande som er gitt ut av forlag).

Døme med éin forfattar: Flatland, H. (2011). Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Oslo: Aschehoug.

Døme med to forfattarar: Garthus, K.M.K. og Schulze, A.-M. (2016). #Nynorsk. Bergen: Fagbokforlaget.

Kjelder frå bøker forts. to forfattarar:

Tekstar i antologiar/ artikkelsamlingar: Josef, J. (2019). «Å vokse opp mellom to kulturer». I Naqvi, A.R. Third Culture Kids, s. 10–17. Oslo: Gyldendal.

Grip teksten. Norsk for Vg1. Studieforberedende program. Oslo: Aschehoug.

Kjelder frå internett Kjelder frå internett blir publiserte med ulike opplysningar. Dersom det er mogleg, skal du ta med: 1 Namn på forfattaren 2 Årstal for publisering eller når teksten sist blei oppdatert 3 Tittel på kjelda (i hermeteikn) 4 URL-adresse 5 Lesedato (datoen då du las eller lasta ned kjelda) Døme med forfattar: Nydal, A. (2016, oppdatert 2018). «Iram helt på ekte». I Dagsavisen. https://www.dagsavisen.no/helgnye-inntrykk/portrett/iram-helt-paekte-1.756273. Lesedato: 26.05.2019. Døme utan forfattar og publiseringstidspunkt:

Nynorskordboka (utan årstal). «kultur». www.nynorskordboka. no. Lesedato: 26.05.2019. Døme frå sosiale medium: Solberg, E. (2019). «erna_solberg» (Erna Solberg på Twitter). https://twitter.com/ erna_solberg. Lesedato: 26.05.2019. Døme frå YouTube: Universitetsbiblioteket i Bergen (2010). Vurderingseksemplar «Et plagieringseventyr». https://www. youtube.com/watch?v=Mwbw9KF-ACY.

Film som kjelde 1 Namnet på regissøren 3 Årstal 4 Produsent

Døme: Haq, I. (2017). Hva vil folk si. Film. Produsent: Mer Film.

This article is from: