
1 minute read
Leddsetningar
from 9788203405945
Noko som er fascinerande ved setningar, er at dei kan bli så lange. Sjå berre på desse setningane:
• Ingrid opna døra. • Njål høyrde at Ingrid opna døra. • Aksel forstod at Njål høyrde at Ingrid opna døra. • Maria visste at Aksel forstod at Njål høyrde at Ingrid opna døra. • Hassan gjekk ut frå at Maria visste at Aksel forstod at Njål høyrde at Ingrid opna døra.
Som du ser, kan vi byggje ut ei setning ved å setje setningar inn i henne. Slike setningar inne i setninga kallar vi for leddsetningar. Leddsetningar kan ikkje stå åleine, men fungerer som setningsledd i heilsetninga.
Dei leddsetningane vi brukte i dømet ovanfor, blei innleidde med at. Dette vesle ordet har som jobb å innleie leddsetningar, og det høyrer til ordklassen subjunksjonar (sjå tabellen side 231). Andre døme på subjunksjonar er når, viss, før, fordi, sjølv og om. Vi kan også bruke spørjepronomen for å innleie leddsetningar, til dømes «Kven han er, veit eg ikkje».
Leddsetningar skil seg frå hovudsetningar i måten dei er bygde opp på. Hovudsetningane følgjer V2-regelen, som vi var inne på ovanfor – til dømes Markus var forelska i Embla. I leddsetningar er det annleis, for der følgjer ein nettopp ikkje V2-regelen: Alle i klassen visste at Markus var forelska i Embla. Her kjem først subjunksjonen (at), deretter subjektet (Markus), det finitte verbalet (var) og objektet (forelska i Embla). Dersom ei leddsetning inneheld eit setnings-
leddsetning subjunksjon Vurderingseksemplar