3 minute read

Litteraturen som laboratorium

en måte. [...] Veggene i rommet var dekket med gamle malerier fra gulv til tak. Det luktet av lim, eller plast, fra malingsbøttene som Men ikke vanlig parfyme.Det luktet på en måte utland. Møblene var av møkk, eller maling. Bordet var malt i en lys blåfarge. Den minnet om himmelen utenfor. Skyfri.

Det blir etter kvart tydeleg at dette er eit heimemiljø som er annleis enn det forteljaren er vand med. Kva for assosiasjonar får du til det miljøet som blir skildra? Får du inntrykk av at forteljaren opplever møtet med heimen til klasseveninna som noko positivt eller noko negativt? Tenk på ein stad som har mykje å seie for deg. Korleis vil du skildre denne staden slik at andre kan sjå han føre seg? Litteraturen som laboratorium Mange har sagt at miljøkampen manglar ei god forteljing. Medan arbeidarrørsla på 1800- og 1900-talet hadde ei felles forteljing om kampen mot borgarskapet, der det gjaldt å stå saman for å byggje eit godt, fritt og inkluderande samfunn, har miljørørsla blitt skulda for å fortelje ei historie som først og fremst er eigna til å skremme oss. Det har blitt sagt at vi i staden treng ei positiv forteljing som gir oss høve til å sjå oss sjølve som deltakarar i ei utvikling mot noko betre, ikkje berre ei forteljing om at vi må snu før det er for seint, for å unngå katastrofe. Vurderingseksemplar

Kva synest du om ein slik påstand? Korleis kunne ei slik positiv forteljing sjå ut?

Evna til å førestille seg noko er viktig av mange ulike grunnar. Ein sjukepleiar eller ein lege må til dømes vere ein god fortolkar av andre sine forteljingar for å kunne forstå kva problem pasienten slit med. Ein advokat må kunne setje saman ei forteljing som overtyder dommaren om at dei aktuelle hendingane har skjedd på ein bestemt måte. Det er viktig å kunne stille gode spørsmål for å få pasienten

eller den tiltalte til å utdjupe forteljinga si. Slik kan vi tydelegare sjå samanhengar og forstå ulike perspektiv.

Den amerikanske filosofen Martha C. Nussbaum (fødd 1947) hevdar at forteljingar er viktige for demokratiet: For at vi skal kunne respektere meiningane og synspunkta til andre, må vi ha evne til å tenkje oss til korleis verda ser ut for dei. Når vi les forteljingar om andre menneske, får vi nettopp eit slikt høve til å sjå verda frå ståstaden til nokon andre. Litteraturen gir oss nettopp eit slikt høve til å sjå verda frå ståstaden til nokon andre. Ofte blir vi sette inn i situasjonar der ting står på spel, der nokon må gjere val eller blir stilte overfor vanskelege dilemma. Vi får høve til å sjå kva andre tenkjer og gjer, og til sjølv å ta stilling til dei spørsmåla, problema og vala personane må handtere. Kva ville vi gjort? Er dette rett eller gale? Kva skal vege tyngst når ulike omsyn står mot kvarandre? Gjennom slike spørsmål kan litteraturen gjere det mogleg for oss å prøve ut våre eigne tankar, haldningar og verdiar på ein måte som ikkje har konsekvensar for oss sjølv, og på ein slik måte at vi alltid har høve til å gå tilbake og tenkje gjennom saka ein gong til. Dessutan er den gode forteljinga ein stad vi kan flykte til eller drøyme oss vekk i: I litteraturen kan vi gå på oppdagingsferd i nye verder. Frå pulten, senga eller sofakroken kan vi reise frå det trygge og kjende og ut i det ukjende. Når vi kjem heim igjen, er vi alltid like heile – og som regel litt klokare. «Skilnaden er den at den eine framstiller det som er hendt, Aristoteles (384–322 f.Kr.) om kva som skil ein historikar frå ein diktar. Medan ei forteljing frå den verkelege verda berre handlar Vurderingseksemplar allment, og derfor er ho alltid potensielt gyldig. Diskuter utsegna. Går det an å hevde at noko oppdikta kan vere sant?

Helga Flatland har skrive romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må. I intervjuet på neste side fortel ho om korleis ho fekk ideen til å skrive denne romanen og om arbeidet med boka. Du finn meir om romanen og forfattaren på Aunivers.

This article is from: