
2 minute read
Norsk som V2-språk
from 9788203405945
Norsk blir ofte kalla eit SVO-språk, og i mange tilfelle stemmer det: Lisa slo Per. Marius les ei bok. Men eigentleg er det meir komplisert enn som så.
Problemet med å kalle norsk for eit SVO-språk oppstår når vi lagar ei setning der det kjem eit anna ledd enn subjektet før verbalet. Dersom vi føyer til eit adverbial som «i går» eller «i dag» i starten av setningane nedanfor, blir det ikkje korrekt å følgje SVO-regelen:
a *I går Lisa slo Per. * I dag Marius les ei bok. (Dette er feil.) b I går slo Lisa Per. I dag les Marius ei bok.
Problemet med setningane i a) er at verbalet kjem som det tredje leddet. Det som vil vere korrekt i norsk, er at verbalet kjem som andreledd, slik tilfellet er for setningane i b). Her er vi inne på det mest karakteristiske trekket ved norsk syntaks, nemleg at norsk er eit V2-språk. Norsk følgjer nemleg V2-regelen, som vil seie at verbalet alltid må kome som andreledd i forteljande hovudsetningar. Det er vanleg å seie at verbalet er «sjefen» i setninga. Dei norske verbala er samtidig ekstra «sjefete» sidan dei i tillegg avgjer kor mange ledd som kan kome før seg sjølv. Samla sett er derfor V2-regelen meir dekkjande for norsk enn SVO-regelen.
Kva for ledd er det så som kan stå før verbalet? Eigentleg alle typar ledd, så lenge orda utgjer eitt ledd. Ofte står subjektet før verbalet, men det kan like gjerne vere til dømes eit adverbial. Sjå berre på desse setningane:
V2-språk V2-regelen Vurderingseksemplar
S V O Han snakkar norsk.
A V S
O No snakkar han norsk.
S V A Elevane stod nede på skuleplassen.
A V S Nede på skuleplassen stod elevane.
Som du ser, flyttar vi adverbialet heilt fremst i den andre og fjerde setninga. For at verbalet framleis skal stå på andre plass i setninga, må vi då flytte på subjektet også.
Ta utgangspunkt i dei to setningane nedanfor (som eigentleg er boktitlar). Kva heiter leddet som står heilt til slutt i setningane?
V2-regelen finst i nordiske språk som dansk, svensk, islandsk og færøysk, og i andre germanske språk som tysk, nederlandsk, afrikaans og frisisk. Unntaket blant germanske språk er moderne engelsk, der det godt kan stå fleire enn eitt ledd før verbalet: Yesterday, Lisa hit Per, er dermed ei engelsk setning. *Yesterday hit Lisa Per kan derimot vere sagt av ein nordmann på ferietur til London, som ikkje klarer å fri seg heilt frå V2-regelen. Dei færraste av oss tenkjer nok på V2-regelen som ein regel vi må lære oss. Det er meir snakk om umedviten språkkunnskap som finst hos alle med norsk som førstespråk. Derimot er regelen nyttig når vi skal samanlikne norsk med andre språk, og når vi skal forstå utfordringar for dei som skal lære seg norsk som andrespråk. Det viser seg nemleg at V2-regelen er svært vanskeleg å få til hos mange som ikkje har liknande krav i morsmålet sitt. I staden for å seie til dømes «I dag skal eg på tur» seier dei «I dag eg skal Vurderingseksemplar på tur».
Brot på V2-regelen er rett nok sjeldan til hinder for å bli forstått i norsk. Dei fleste vil likevel leggje merke til slike brot, og i skrift blir dei rekna som feil.
I visse situasjonar kan det vere eit poeng for språkbrukaren å ikkje følgje V2-regelen. Vi ser nemleg at brot på V2-regelen kan gå inn som eit bevisst stiltrekk i fleirkulturelle og fleirspråklege storbymiljø.
Dette går vi nærare inn på på side 272.