1 minute read

Kjønn

(tysk), le chat (fransk) og el gato (spansk). I språk som polsk, litauisk, samisk og finsk har dei ikkje bestemt form i det heile. Der må ein skjøne ut frå samanhengen om det er snakk om ein katt (som eg såg rundt huset i går kveld), eller katten (den katten som familien har hatt sidan ungane var små).

Kva trur du er grunnen til at nokre utlendingar seier «den katt står ute» i staden for «katten står ute»?

dobbelt bestemt form

Norsk har dessutan noko så uvanleg som dobbelt bestemt form. grammatisk kjønn Det skjer når vi koplar til eit adjektiv: ein svart katt – den svarte katten. Her markerer norsk bestemt form heile tre gonger. Danskane gjer det enklare ved å bruke bestemt form to gonger: den sorte kat. I slike uttrykk har nynorsk stort sett alltid dobbelt bestemt form, altså markering tre gonger, medan det i bokmål ofte er stilistiske skilnader mellom enkelt bestemt og dobbelt bestemt form. Det blir for stivt å seie Den svarte katt står på taket, men det går greitt å seie det moderne samfunn, fordi det refererer til noko meir abstrakt. Kjønn I norsk har substantiva grammatisk kjønn, anten hankjønn, hokjønn eller inkjekjønn. Det mest karakteristiske kjenneteiknet for grammatisk kjønn er artikkelen (ein, ei eller eit) og endinga i bestemt form eintal. I nynorsk er det eit ganske eintydig system for dette: Ubestemt form eintal (med artikkel) Bestemt form eintalVurderingseksemplar

Hankjønn ein mann mannen

Hokjønn ei jente jenta

Inkjekjønn eit eple eplet

I bokmål er systemet litt meir samansett, fordi hokjønnsord også kan bøyast som hankjønnsord. Det er derfor valfritt om du skriv gryta eller gryten, dronninga eller dronningen i bestemt form eintal.

Eigentleg er det ganske tilfeldig kva for kjønn substantiva har fått i norsk. Menneske og dyr har rett nok ofte eit grammatisk kjønn som passar med det biologiske kjønnet (ein mann, ei kvinne). Vi kan vidare

This article is from: