
1 minute read
Drama på teater – drama på film
from 9788203405945
Slik skildrar den engelske dramatikaren William Shakespeare (1564–1616) livet: som eit teaterstykke der kvart menneske er ein skodespelar, og der rollene forandrar seg for kvar fase vi skal gjennom. At livet er dramatisk, skjønar vi allereie i den augeblinken vi blir fødde. Vi møter verda med eit skrik, som for å varsle at kampen er i gang. I arbeidet med å forstå oss sjølve og dei situasjonane vi møter, treng vi andre menneske. Som støttespelarar, som samtalepartnarar, men også som speglar. Når vi sit i mørket i teater- eller kinosalen, kan vi kike inn i andre sitt liv og nokre gonger kanskje sjå at dei opp- og nedturane dei går gjennom, liknar på noko av det vi sjølv erfarer. Han skal alltid lage ei scene. No har han attpåtil funne seg ei skikkeleg dramaqueen. Kva tyder orda scene og drama når vi brukar dei på denne måten i kvardagsspråket? Ordet drama kjem frå gresk og tyder opphavleg handling. Dramaet har opphav i teatera som voks fram i Hellas i antikken. Til skilnad frå lyrikk og episk dikting, som er sjangrar vi stort sett les, er dramatiske tekstar Vurderingseksemplar først og fremst meint å bli framførte som skodespel for eit publikum. Ifølgje den greske teaterkunsten inneheld dramaet desse delane: • ei samanhengande handling • roller som spelar ut handlinga • språk – altså dei orda rollene seier, og måten dei seier det på • tema som blir formidla gjennom handlinga, rollene og språket • teatrale verkemiddel – til dømes musikk, dans, kostyme, masker, scenografi og lys- og lydeffektar