
3 minute read
Arbeidsstoff
from 9788203405945
Oppsummeringsspørsmål
1 Kva vil det seie at norsk er eit ledd ? Nemn nokre særtrekk ved norsk syntaks og bruk døme du 2 Kva er ei , og kva er eit ? 3 Kva er verbalet i ei setning? 4 Kva er subjektet i ei setning? 5 Kva er objektet i ei setning?
Kva skil direkte og indirekte objekt? 6 Kva er adverbialet i ei setning? 7 Kva er forskjellen mellom eit SVOspråk, eit SOV-språk og eit VSO-språk? 8 Forklar . 9 Kva vil det seie at eit språk er ortofont? 10 Kva er spesielt med ? Oppgåver 1 Setningar i norsk setningane? Bruk fagomgrepa du har lært i dette kapittelet (sjå tabellen på side 248–249). a) Norsk er eit lite språk som er i ferd med å døy ut. b) I mørket er alle kattar grå. c) Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville. d) Siri vil neppe fortelje mor si at ho har fått seg ny kjærast. 2 Kva for setningsledd har vi her? a) Stokk om orda slik at det blir meiningsfulle setningar. Vis kva for setningsledd setningane har. 1 ei skreiv reisa etter si Ivar Aasen bok 2 låne du ordboka kan meg 3 vanskeleg vere setningsanalyse kan
men ikkje i setning 2? 3, men ikkje i setning 1 og 2? 3 Byt plass på setningsadverbialet Det er ikkje alltid like lett å plassere ei betre plassering for adverbiala i desse setningane? Adverbiala er skrivne med utheva skrift.Vurderingseksemplar a) Eg tenkte meg om og kom til at svaret på oppgåva måtte jo faktisk stemme. b) Det var høgst uvanleg sidan han pleidde nesten alltid å gjere det. c) Eg meiner dette er gale, fordi det handlar jo berre om at du sjølv slepp å ta ansvar.
4 Komma i leddsetningar
Kvifor er det så viktig å vite kva ei leddsetning er? Ein grunn er at det gjer det lettare for deg å setje kommaet rett. Når leddsetninga kjem først i ei heilsetning, skal det nemleg alltid vere komma. Skriv om setningane nedanfor slik at leddsetninga kjem først, og plasser kommaet på rett plass.
a) Eg vil aldri tilgi deg viss du lyg. b) Vi veit ikkje om ho snakkar sant. c) Vi skal verkeleg kose oss når du kjem! d) På VG-lista låg den låta som heile
Noreg nynna på. e) Det gjekk som det gjekk fordi ho ikkje visste betre. f) Ho sa nei til ein ny porsjon fordi ho var mett.
5 Snakk om norsk syntaks
Kva tenkjer du er det mest typiske ved den norske setningslæra? Er det leddstillinga, V2-regelen eller at norsk er eit SVO-språk? Og er det nokon grunn til at vi skal lære dette? Lag ein podkast med ein medelev der de diskuterer ulike fenomen i setningslæra og om dette er nyttig kunnskap. Bruk fagomgrepa i kapittelet. Finn gjerne døme i media eller litteratur der de ser desse språklege fenomena, og bruk dei i samtalen. 6 Norsk setningslære
Lag ein samansett tekst som forklarer hovudprinsippa i norsk syntaks, ved hjelp av det du har lese om i dette kapittelet. Teksten skal kunne fungere både for dei som har norsk som morsmål, og for dei som har norsk som andrespråk. Du kan til dømes lage ein brosjyre eller eit nettmagasin.
Her kan du bruke hjelpemiddel som
Padlet (https://padlet.com) eller
Madmagz (www.madmagz.com), eller rett og slett ein av malane i Word.
Teksten kan du henge opp i klasserommet eller skrive ut, slik at alle i klassen kan få eit eksemplar.
7 Skriv om langt setningsledd Sjå nærare på dette tekstutdraget frå NTB, 20.01.2020: «Vår vurdering er at argumentene for at et forbud mot prisdiskriminering i dagligvarebransjen vil lede til høyere priser, er sterkere enn argumentene for at det vil lede til lavere priser», advarer ekspertutvalg i ny rapport. Her tenkjer nok artikkelforfattaren at Vurderingseksemplaralt som står innanfor hermeteiknet skal fungere som eitt setningsledd. Kva er problemet med å gjere det på denne måten? Prøv å skrive om utdraget. Kva for endringar må du gjere? Forklar for ein medelev kva du har gjort. Bruk fagomgrep du har lært i dette kapittelet.