
2 minute read
nordmenn
from 9788203405945
↥ Kárášjohka/ Karasjok, Finnmark, januar 1950. Frå internatskolen for Dei samiske barna budde på internat på skulen.
Les ei novelle om fornorsking av samane på side 369. sivilisasjon», eller så blei den samiske kulturen sett på som noko «lavtstående» som måtte utslettast. Fram til den andre verdskrigen blei det bygd femti internatskular i Finnmark, og hit blei mange samiske, kvenske og norske skuleungar sende. Her var det mellom anna forbode å snakke samisk. Vurderingseksemplar
Det var ikkje før i 1967 at skuleungane i Kárášjohka/Karasjok og Guovdageaidnu/Kautokeino fekk den første lese- og skriveopplæringa si på morsmålet, og vi må heilt til 1987 før det blei eit mål å gjere dei samiske elevane tospråklege. Først då fekk samisk ein eigenverdi.
Vi begynte med å fortelje at Noreg er ein stat med fleire folk og fleire språk. Det er mange som trur at Noreg tradisjonelt har vore veldig einsarta både etnisk og språkleg, og at dette først endra seg med innvandringa som byrja i 1970-åra, men slik er det ikkje.
Vurderingseksemplar

same tater Samar og nordmenn har budd side om side i det meste av landet frå lenge før det var noko som heitte Noreg – og samane snakka seks ulike samiske språk, frå sørsamisk til skoltesamisk. På 1500–1600talet auka den kulturelle og språklege rikdommen i Noreg med ladino- og jiddisk talande jødar, romanitalande taterar og og finsktalande kvener og skogfinnar. På slutten av 1800-talet kom det romanes talande romar (sigøynarar).
Men ikkje berre landet er fleirspråkleg – også mange av innbyggjarane er fleirspråklege. Som andre stader i verda er det minoritetane som må lære seg språket til majoriteten. Samar, kvener, skogfinnar, jødar, taterar og romar har lært seg norsk, men få etniske nordmenn har lært seg språka til minoritetane. Trass i at det offisielle Noreg har lagt forholda til rette for at samane skal kunne dyrke sin eigen kultur og sine eigne språk, er kvardagen ikkje alltid like lett for dei, ikkje eingong for landskjende kunstnarar som musikaren Ella Marie Hætta Eriksen – vinnaren av Stjernekamp 2018 og vokalist i bandet ISÁK. I eit intervju på NRK.no seier ho mellom anna: «Hver dag er en kamp for å bevare mitt språk og holde ved like min kulturarv. Jeg føler en smerte i å måtte forsvare min rett til å snakke mitt språk, gå med kofte og være samisk.» Vil vi ha det slik? Norsk er ikkje det same som etnisk norsk Vi nordmenn er stolte over at «vi» var dei første som gjekk på ski over Grønland. To av dei fem som var med Fridtjof Nansen på denne turen i 1888, var samane Samuel Johannesen Balto (1861–1921) og Ole Nielsen Ravna (1841–1906) frå Kárášjohka/Karasjok. Diktaren Bjørnstjerne Bjørnson (1832–1910), som skreiv , Vurderingseksemplar og søskenbarnet hans, komponisten Rikard Nordraak (1842–1866), Den norske visa «Per Spelmann» blei laga av felespelaren Petter Strømsing (1759–1836), som var tater.
To generasjoner samiske artister holder konsert på Rockefeller i Oslo på samenes nasjonaldag 6. februar 2019.