
1 minute read
Normativ og deskriptiv grammatikk
from 9788203405945
↥ Før sa ein «De» til læraren, og ikkje «du», som vi gjer i dag. «De» heiter usted på spansk, vous på fransk, Lei på italiensk og Sie på tysk. På norsk seier vi i dag stort sett «du» til alle, med unntak av dei kongelege. Men dersom du seier «du» til læraren din i Tyskland, eller i landa i Sør-Europa, er du uhøfleg. Kvifor skil vi ikkje mellom «du» og «De» på norsk i dag, trur du? Vurderingseksemplar
Døma med kattar og høflege former illustrerer eit større poeng:
Språk er ulike, men det går an å snakke om desse ulikskapane på ein systematisk måte. Her er det fagorda i grammatikken kjem inn.
Desse fagorda gir oss «eit språk om språket». Det kan vi så bruke til å utforske vårt eige språk, og til å samanlikne ulike språk.
Du har kanskje opplevd å bli retta på? Læraren har kanskje sagt at du må plassere kommaet ein annan stad, eller nokon har sagt at det heiter «då du fekk influensa» og ikkje «når du fekk influensa»? Slik grammatikk blir kalla for normativ: Tanken er at det finst ei norm –