1 minute read

Lange og korte vokalar

Æ e i A, æ!

Æ e i A, æ å!

↥ Kva seier gutane til kvarandre? Ei utfordring med vokalar i norsk, er at det er så mange av dei, heile ni. Dei fleste språka i verda klarer seg med fem eller seks vokalar. Det gjeld mellom anna spansk, russisk og nordsamisk. Det er også mogleg å klare seg med så lite som tre vokalar, slik ein har i klassisk arabisk: i, a og o. Det går også an å ha fleire vokalar, som i dansk, med 11 vokalar. Norsk har likevel fleire vokalar enn det som er vanleg blant språka i verda. Det vil seie at det i norsk er vokalar som ofte er ukjende for utlendingar. Vurderingseksemplar mellom anna i engelsk?

Lange og korte vokalar Ein annan grunn til at dei norske vokalane kan skape utfordringar, er at norsk skil mellom lange og korte vokalar, som i skilnaden mellom tak og takk. Her er skrivemåten litt ulogisk, fordi det kan sjå ut som det er konsonantane det er skilnad mellom, men konsonantane er faktisk like lange i begge orda. Dersom rettskrivinga skulle vore logisk, burde vi heller ha skrive «taak» for det som er oppå huset, og «tak» for det vi seier for å vere høflege.

This article is from: