4 minute read

avslutning

Med utgangspunkt i konflikten kan vi teikne ei spenningskurve som skildrar korleis teksten skaper ein handlingsgang med aukande og fallande spenning. Ein klassisk modell som har røter i det greske teateret frå før år 0, teiknar ei kurve der spenninga aukar gradvis frå eit lågt nivå i starten fram mot eit høgdepunkt, før ho fell når vi veit korleis konflikten blir løyst.

Konflikten – og dermed også spenninga – kan vere knytt til den ytre handlinga, altså til kva som reint konkret skjer i historia. Då snakkar vi om ein ytre konflikt. Men han kan også gjelde tankar og kjensler, og dermed handle om kva personane i forteljinga tenkjer, føler eller forstår. I så fall spring spenninga i teksten ut av ein indre konflikt. Konflikten spelar altså ei avgjerande rolle i episke tekstar. Når vi les ei forteljing, og når vi ser ein tv-serie eller ein film, ventar vi at det blir bygd opp ei eller anna form for spenning. Det må skje noko som skaper ein konflikt. Dersom det ikkje skjer, blir vi utolmodige: Hender det ikkje noko snart? Innleiing, hovuddel og avslutning Heilt grunnleggjande kan vi seie at episke tekstar som regel er tredelte: Dei har ei innleiing, ein hovuddel og ein slutt. I innleiinga blir vi presenterte for situasjonen som ligg til grunn for handlinga. Vi møter personane, i alle fall dei viktigaste, og vi får kanskje også vite noko om miljøet handlinga går føre seg i. Av og til er slike presentasjonar svært detaljerte, og andre gonger får vi ikkje vite nokon ting om tid og stad, som når eventyra begynner med «Det var ein gong ...». Til gjengjeld utmerkjer eventyra seg med å presentere både personane og konflikten med ein gong teksten begynner: «Det var en gang en Vurderingseksemplar mann som hadde tre sønner, Per og Pål og Espen Askeladd; men annet enn de tre sønnene hadde han ikke heller, for han var så fattig at han ikke eide nåla i veggen, og derfor sa han titt og ofte til dem, at de måtte komme seg ut i verden og se til å tjene sitt eget brød; for hjemme hos ham ble det ikke annet enn sveltihjel.»

Nokre gonger blir vi kasta rett inn i handlinga. Då seier vi gjerne at teksten begynner in medias res, som tyder «midt i tinga». Då må vi sjølv gjere jobben med å identifisere situasjonen og personane. Slik opnar novella «I ei grøft» av Jan Kristoffer Dale:

De henta han en fredag ettermiddag. Kenneth hadde tenkt at det bare skulle bli Terje, Tor André og han som dro til hytta på Kverve, men da han satte seg i baksetet, så han at Tor André hadde invitert med seg kollegaen sin, Espen. Han var noen år yngre enn Kenneth og de andre. I tillegg snakka han østlandsdialekt og kledde seg annerledes. Tor André hadde også begynt å kle seg annerledes: trangere bukser, trangere skjorter, uten ruter. Terje satt i baksetet. Han smilte og knadde låret til Kenneth da han satte seg inn. – Ikkje prøv dæ, sa Kenneth. Han satte fra seg bagen på golvet. Det klirra. – Du kan sette tinga dine bak, sa Tor André og snudde seg, de e’ nok a’ plass. – Men først kan du gi mæ ein pils, sa Terje og knadde låret hans en gang til. Kva får vi vite om personane og miljøet i løpet av utdraget? Kva trur de skjer vidare? Etter at personane og situasjonen er presentert, vil dei fleste episke tekstar bruke det meste av forteljinga på å byggje opp og utvikle konflikten. Vi har allereie nemnt oppbygginga mot ein spenningstopp, eit høgdepunkt eller eit klimaks. Eit anna punkt som vi ofte kan finne i episke tekstar, er det som blir kalla vendepunkt. Det er ein stad der noko avgjerande skjer, slik at handlinga tek ei ny retning. Det kan dreie seg om ytre hendingar eller om indre erkjenningar. Vendepunktet skjer ikkje nødvendigvis på same stad som høgdepunktet i spenninga, men kan også gjere det. Vurderingseksemplar

Avslutninga av forteljinga rommar som regel løysinga på konflikten som fører til spenninga. Eit viktig trekk ved det grunn leggjande forteljingsmønsteret som vi nemnde ovanfor, er at forteljinga sluttar godt. Det kjenner vi til frå eventyra og frå mange andre forteljingar med liknande grunnstruktur, og dessutan frå ei rekkje filmar for barn og unge. Dette gjer at vi ofte forventar eller ønskjer at tekstar skal ha ein lykkeleg slutt. Mange gonger blir dette innfridd. Andre gonger sluttar teksten i tragedie. Mange forteljingar – både i litteratur, film og andre medium – sluttar også utan at vi får noka klar løysing på konflikten, slik at det er uvisst korleis alt endar. Vi får ein open slutt.

Kanskje er det den grunnleggjande erfaringa vår som forteljarar som gjer at slike avslutningar kan etterlate ei kjensle av ubehag eller ei

This article is from: