
1 minute read
Innvandring og nye språk
from 9788203405945
Bandet No. 4 brukar konsekvent norsk når dei skriv songtekstar. ↦ nynorsk og bokmål. Vi har også eit rikt kulturliv der mange kunstnarar brukar norsk når dei uttrykkjer seg. Viktigast er det nok at norsk blir overført frå generasjon til generasjon, og at dei aller fleste barn i Noreg lærer norsk. Den dagen dei ikkje gjer det, er det fare på ferde, men der er vi heldigvis ikkje i dag. Er det synd at språk forsvinn? Grunngi svaret ditt. Innvandring og nye språk Det som for alvor har gjort Noreg meir fleirspråkleg dei siste 40–50 åra, er innvandring. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 1. januar 2019 var Vurderingseksemplar 17,7 prosent av befolkninga anten innvandrarar eller hadde innvandrarforeldre. Det vil seie at av 5,3 millionar innbyggjarar hadde 944 000 personar innvandrarbakgrunn. Mange av dei bur i dei større byane, men det bur innvandrarar i kvar einaste kommune i Noreg. Dei fleste innvandrarane kjem frå Polen – rundt 100 000 personar. I tabellen frå Statistisk sentralbyrå ser du tal på dei største innvandrargruppene fordelt etter kva land dei kjem frå (2019). Dei fleste innvandrarane har kome til Noreg etter at dei fylte seks år. I den alderen har dei allereie tileigna seg eit anna morsmål enn norsk, og det vil seie at norsk blir andrespråket deira. Vi går derfor ut frå at dei fleste innvandrarar brukar morsmålet sitt i familien eller når dei snakkar med andre med same innvandrarbakgrunn.