
3 minute read
Å førebu seg til ein fagsamtale
from 9788203405945
Ein fagsamtale er ein planlagd samtale om eit fagleg tema, eit tverrfagleg tema eller ei problemstilling. I fagsamtalen utforskar de temaet eller problemstillinga. Ein fagsamtale bør vere godt førebudd. Slik kan du førebu deg:
Dette kan du gjere: Slik kan du gjere det:
Setje deg godt inn i temaet for samtalen • Skriv ned det du allereie kan om temaet (stikkord, lag tankekart e.l.). • Les om temaet i læreboka. • Søk etter utfyllande informasjon om temaet på internett eller biblioteket. I norskfaget tek slike fagsamtalar ofte utgangspunkt i litterære tekstar eller språklege tema. Arbeid grundig med desse tekstane eller temaet. Dersom de skal snakke om ein litterær tekst, må du ha oversikt over • forfattaren • sjanger • motiv og tema • verkemiddel • konteksten til teksten
Skrive ned dei faglege innspela dine til samtalen
Kva kan du bidra med av fagleg innhald i samtalen? Skriv ned stikkord, faktaopplysningar, argument, moglege tolkingar av Notere faglege omgrep Skriv ned relevante faglege omgrep og knyt dei til det temaet de samtalar om. Du viser at du er trygg i faget, når du knyter faglege omgrep til konkrete døme – til dømes frå tekstane de Vurderingseksemplar samtalar om. Øve! Snakk med ein medelev, ein ven eller nokon i familien din. Då får du prøvd ut idear og samtidig øvd deg på å formulere det du vil seie.
Dette kan du gjere: Slik kan du gjere det:
Bruke dei retoriske appellformene Bruk dei retoriske appellformene: • Etos: Vis at du er truverdig og har kunnskap om temaet.
Det gjer du ved å førebu deg godt, snakke til heile gruppa og ta initiativ i samtalen, men også ved å lytte til andre. • Logos: Logosappellen din blir styrkt når du kan mykje om temaet, når du brukar faglege omgrep, underbyggjer med døme og så vidare. Du bør også uttrykkje deg presist, kome med og følgje opp relevante innspel og svare på oppfølgingsspørsmål. • Patos: Også patosappell har ein plass i fagsamtalen.
Patosappell handlar om å vekkje engasjement for temaet.
Vis at du er engasjert, og at du synest temaet er viktig.
Å bidra til ein trygg ytringskultur der alle opplever at deira innspel er av verdi, er også viktig for at fagsamtalen skal fungere godt.
Under sjølve samtalen bør du • formulere deg presist og overtydande • bruke relevante faglege omgrep • bidra til framdrift i samtalen og kome med nye poeng • lytte til andre • følgje opp det andre seier • prøve å sjå større samanhengar og ulike perspektiv • følgje reglane for diskusjon (be om ordet for innlegg/ replikk, følgje talarlista, ikkje avbryte m.m.)
Vurderingseksemplar
Vurderingseksemplar
KAPITTEL 10 Særtrekk ved norsk
Kva er forskjellen på norsk og engelsk?
Når vi snakkar eit språk vi kan godt, tenkjer vi ikkje over grammatikken. Vi berre brukar han heilt automatisk. Heldigvis! Det er først når vi skal lære eit anna språk, at vi får auga opp for kor ulike språk og grammatikkar kan vere. Som du veit bøyer vi på norsk substantiv i eintal og fleirtal: ein katt, to kattar. Vi tenkjer at det er heilt naturleg. Men slett ikkje alle språk brukar bøying for å vise fleirtal. Tyrkisk gjer ikkje det. Tyrkarane brukar ganske enkelt tal: ein katt (bir kedi) og to katt (iki kedi). På ein måte er det norske språket ulogisk her: Kvifor seier vi eigentleg «to kattar»? Når det er to av noko, er det vel opplagt at det er meir enn éin! Vurderingseksemplar
Grammatikk kan også handle om å vere høfleg. Når ein japanar pratar med andre, kan han velje ulike endingar på eit ord for å markere at han anten er høfleg, respektfull eller audmjuk. Også i språk som ligg nærare norsk, finst det ein «høflegheitsgrammatikk». Spansk, fransk, italiensk og tysk har eigne pronomen for å markere at ein er høfleg.
Hadde det ikkje vore nok å seie «to katt»? ↦
