1 minute read

Fleirspråklege samfunn som utgangspunkt for språkkontakt

Har du tenkt over kor mange språk som finst i verda? Det er ikkje lett å telje språk, men ifølgje språkdatabasen Ethnologue finst det om lag 7000 språk i verda. Når vi tenkjer på at det finst i underkant av 200 statar i verda, vil det seie at det som regel finst fleire språk i ein stat.

ethnologue

morsmål

førstespråk

tospråkleg

andrespråk

framandspråk Ethnologue er den mest omfattande databasen over språk i verda, Med fleirspråklege samfunn kjem også fleirspråklege menneske. Vi reknar med at om lag to tredjedelar av alle menneska i verda kan kommunisere på fleire språk. Talet på fleirspråklege aukar i takt med globaliseringa. Det gjeld ikkje minst for dei som flyttar frå eitt land til eit anna, og som må lære seg eit nytt språk, slik tilfellet er med innvandrarar i Noreg. Det språket vi lærer i barndommen og brukar i heimen, er morsmålet vårt. Eit barn kan ha fleire morsmål, til dømes når far og mor snakkar med barnet på ulike språk. Vi kallar ofte morsmålet for førstespråket, ganske enkelt fordi det blir lært før ein lærer andre språk. I fleirspråklege miljø er det mange som vekslar mellom to eller fleire språk, og dei er då tospråklege eller fleirspråklege. Dette kjenneteiknar mange innvandrarar i Noreg – dei kan fleire språk fordi dei kommuniserer med folk som har ulike språk. Vurderingseksemplar

Det som kjenneteiknar eit andrespråk, er to ting. Det blir for det første lært etter førstespråket, og for det andre blir det lært og brukt i eit naturleg språkbruksmiljø, til dømes i familien, nabolaget og blant vener.

Innvandrarar som kjem til Noreg, lærer til dømes norsk som andrespråk.

Framandspråk lærer vi gjennom organisert opplæring, anten på skulen eller på kurs. I Noreg lærer vi til dømes tysk, fransk eller spansk som framandspråk. Samtidig er det elevar som kan ha eitt av desse språka som morsmål eller andrespråk fordi éin av eller begge foreldra kan ha det som morsmål.

Kate har spansk som morsmål, men faren hennar er amerikansk, så ho er tospråkleg. No lærer ho norsk som andrespråk.

This article is from: