
3 minute read
Arbeidsstoff
from 9788203405945
Oppsummeringsspørsmål
1 Forklar skilnaden mellom normativ og deskriptiv grammatikk. 2 Kva kjenneteiknar lydane i norsk språk? Bruk døme frå kapittelet. 3 Kva er hovudutfordringane for utlendingar som vil lære seg norske vokalar? 4 Kva er skilnaden mellom vokalane i orda reke og rekke? Kvifor er konsonanten dobbel i det siste ordet? 5 Kva for ordklassar kallar vi innhaldsord, og kva for ordklassar kallar vi funksjonsord? 6 Kva for ordklassar er det som er mest opne for nyord og språklege endringar? 7 Har norsk mykje eller lite grammatisk bøying samanlikna med andre språk? 8 Kva er skilnaden mellom svake og sterke verb? 9 Kva er dei vanlegaste måtane å lage nyord på i norsk? 10 Kva vil det seie at det er valfridom i rettskrivinga i norsk?
Oppgåver a) Finn ordklassane for kvart av orda i desse tre setningane: 1 Elevrådsleiaren gjekk opp på talar stolen og stira nervøst ned på manuskriptet sitt. 2 Mange ungdommar demonstrerte då dei opna det nye oljefeltet. 3 Fleire løparar stoppa i løypa fordi ho var full av gjørme. b) Kva for ord i setningane er innhaldsord, og kva for ord er funksjonsord? 2 Prøv deg som språkekspert i språkspalta
Redaktøren av språkspalta til Språk rådet har blitt sjuk, og du må ta over på kort varsel! Du skal gi eit svar til ein innsendar som lurer på kva som er «rett» uttale av
ordet banan. I svaret til innsendaren skal du skrive kva som er rett uttale, og kvifor det er slik. Du kan lese meir om dette temaet på www.sprakradet.no, i Språknytt nr. 3/2001. Svaret ditt skal vere på omtrent 250 ord. 3 Rett tid på verb a) Vi bruker preteritum når vi viser til Vurderingseksemplar noko som skjedde på eit bestemt tidspunkt: «Yasmin kjøpte ny mobil i går.» Dersom vi ikkje veit tidspunktet, eller berre vil ha fram at handlinga har skjedd tidlegare, brukar vi presenes perfektum: «Yasmin har kjøpt ny mobil.» Forklar for ein person med norsk som andrespråk kvifor denne setninga blir feil på norsk: « .»
b) Skriv om desse setningane til fortid. (Byt ut med .)
Gjer greie for kva fortidsform(er) du vel, og forklar omskrivingane dine.
4 Ordlaging
Ein måte å lage ord på er gjennom avleiingar der du brukar anten forledd eller etterledd. forledda og etterledda som er lista opp nedanfor: beresam-aktig -ete -het/-heit -ing -ere b) Kva for ordklassar høyrer orda du har funne, til i? c) Vi har ord som , og Kva tyder eigentleg ? 5 Pronomenet hen
I svensk blei pronomenet hen lansert i 1960-åra, og det kom inn i i 2015. Ein av dei institusjonane som var med på å fremje hen, var den kjønnsnøytrale barne hagen
Egalia i Stockholm. Der skulle ein ikkje han og hon. Bakgrunnen for det var at dei ønskte å fremje likestilling og unngå unødvendig vektlegging av kjønn i sosial samhandling.
hen i til dømes aviser, nyare skjønnlitteratur eller personlege meldingar. b) Finn du ulike bruksmåtar av hen? c) Vurder om bruken av hen som pronomen kan vere med på å gjere språk bruken i norsk mindre diskriminerande. d) høyrer til dei såkalla funksjonsorda. Trur du likevel at hen vil kunne slå gjennom? Grunngi svaret ditt. 5 Nyord: «falske nyheiter», «grønt skifte», «å google» og «å vere oskefast» Skriv ein tekst med overskrifta «Årets nyord». Les først om dette temaet på nettsidene til Språkrådet (www.sprakradet.no). Du kan søkje på «Årets nyord» eller «Årets ord» i søkjefeltet. sjølvstendig rundt ulike former for endringar i språket. Forma vel du sjølv. 6 Samanlikne språk og lag ein forskingsplakat forskingsplakat der de presenterer og greier ut om særtrekk ved eit anna Vurderingseksemplar språk samanlikna med norsk. Ta utgangspunkt i a) lydar d) bøying b) uttalemåtar e) ordlaging c) ordklassar f) rettskriving Forskingsplakaten skal innehalde • tittelen på prosjektet • informasjon om kva de har utforska, korleis de arbeidde, kva de fann, og kva funna dykkar kan ha å seie • bilete, tabellar og oversikter • kjelder