
1 minute read
Mimesis og katarsis
from 9788203405945
↥ SKAM Romeo Juliet Biletet ovanfor er frå tv-serien SKAM (sesong 3, episode 2, 2016). Hovudpersonen i sesongen, Isak, ligg på senga si og ser ei filmatisering av den klassiske tragedien Romeo og Julie av William Shakespeare. Kameraet fokuserer på ansiktsuttrykket til Isak. Han verkar fanga av filmen, og vi ser at han græt. Før denne scena har publikum fått nok informasjon til at dei kan gjette seg til kvifor filmen gjer så sterkt inntrykk på han. Isak er forelska i Even, men vågar ikkje å fortelje det til nokon av frykt for at dei skal reagere negativt på at han er homofil. Filmen han ser på, handlar også om forboden kjærleik. Romeo og Julie er forelska i kvarandre, men forholdet deira må haldast hemmeleg for at det ikkje skal vekkje reaksjonar. I deira tilfelle er årsaka at familiane deira er i konflikt. Når Isak lever seg så sterkt inn i filmen, er det truleg fordi filmen viser han ei forteljing som har fellestrekk med hans eige liv. Tårene hans kjem mot slutten, idet dei elskande døyr og tragedien er eit faktum. Vurderingseksemplar
Mimesis og katarsis
At Isak i SKAM blir så rørt av Romeo og Julie, har med omgrepet mimesis å gjere. Mimesis tyder etterlikning: Det som skjer på scena eller film lerretet, er ei etterlikning av den verkelege verda. For Aristoteles er dette ein føresetnad for at publikum skal kunne kjenne seg att. Det å etterlikne verda rundt oss er eit naturleg behov hos mennesket og ei drivkraft i all kunst, meinte Aristoteles. Biletkunstnarane etterliknar ved hjelp av fargar og former, dansarane etterliknar ved hjelp av rytme og rørsle, og diktarane etterliknar ved hjelp av ord, rytme og melodi.
Kjernen i Romeo og Julie av Shakespeare er eit grunnleggjande spørsmål alle menneske vil bli stilt overfor i livet: Vil kjærleiken sigre? Spenninga er knytt til om dei elskande vil få kvarandre og leve lykkeleg