
1 minute read
Taco – typisk norsk?
from 9788203405945
frå storbymiljø har éin spesiell stil. Vi skal dermed vere varsame med å snakke om éi form for «innvandrarnorsk».
Det vi kan seie, er at brot på V2-regelen i dag utgjer ein del av variasjonen i norsk, først og fremst i munnleg norsk i fleirspråklege miljø i Oslo-regionen. Om dette blir eit varig trekk, veit vi endå ikkje. Det vil språkhistoria vise.
Kva for kjenneteikn på multietnolektar i norsk kjem du på?
Taco – typisk norsk? La oss sjå nærare på det som for mange er «typisk norsk», nemleg tacofredagen. Familien samlar seg rundt matbordet med tortilla, kjøtdeig, ost, grønsaker, rømme og guacamole. Samtidig er taco på ingen måte norsk i opphav, verken språkleg eller kulturelt. Ordet kjem frå spansk, medan fenomenet kjem frå Mexico og fekk sin eigen vri i California i 1920-åra. Det var den amerikanske varianten som kom til Noreg for nokre tiår sidan. Dei første som spurde etter taco, var faktisk amerikanske oljearbeidarar i Stavanger. Særleg populært blei taco etter fotball-VM i Mexico i 1986. Etter kvart har tacoen blitt tilpassa norske ganar og norsk språk. Det spanske ordet tacoVurderingseksemplar