4 minute read

om kulturmøte

Døme på kjeldebruk i ein fagartikkel om kulturmøte

Vi skal avslutte dette kapittelet med å sjå på ein ferdig fagartikkel om kulturmøta i filmen Hva vil folk si. Medan du les artikkelen, kan du leggje merke til kva kjelder forfattaren brukar, og korleis sitata er fletta inn i teksten.

Skal vi bry oss om kva folk vil seie? Tenk deg at du blir send til eit framandt land, vekk frå venene dine, vekk frå familien. I dette ukjende landet må du, heilt åleine, tilpasse deg ein ny kultur. Dette er kvardagen for 16 år gamle Nisha, som vi Hva vil folk si, som er regissert av Iram Haq. Nisha lever eit dobbeltliv. Heime er ho ei pakistansk dotter som følgjer tradisjonane i familien. Ute er ho ein vanleg norsk ungdom. Då far til Nisha oppdagar at ho har kjærast, blir ho send til Pakistan for å bu hos slektningar og lære seg kulturen til foreldra. Det å leve i spennet mellom to kulturar kan vere både verdifullt og utfordrande. Denne teksten skal handle om utfordringane som kan oppstå i møtet mellom to kulturar, slik det kan opplevast for ungdom på min alder. Kva er eigentleg eit kulturmøte? For å svare på dette vil eg begynne dette omgrepet på fem ulike måtar. I denne samanhengen er det mest hos ei viss gruppe menneske, i ein institusjon, ein samskipnad eller liknande» (Nynorskordboka.no). I Store norske leksikon skriv Schackt at ordet kultur ofte «brukes i forbindelse med tanke-, kommunikasjons- og atferdsmønstre hos mennesker», og at omgrepet norsk kultur skildrar nokre fellestrekk nordmenn deler (2019). Med utgangspunkt Vurderingseksemplar kulturar som kan ha ulike verdiar, normer og haldningar. Alle kulturar har sine normer og reglar. Som ung kan det vere vanskeleg å tilpasse seg til to kulturar med ulike normer og reglar. mange forventningar å leve opp til. Til dømes kan ulike kulturar ha ulikt syn på bruk av alkohol, kjærasteforhold eller at ein ikkje deltek i religiøse ritual, skikkar og handlingar. Når ein bur i Noreg, men har familie med røter i ein annan kultur, kan det oppstå utfordringar og Det er nokre omgrep eg vil trekkje fram når det gjeld utfordringar i kulturmøte, nemleg ære, skam og sosial kontroll

i alle kulturar, men i nokre kulturar er desse omgrepa sterkare knytte til sosialt rykte både for ein sjølv og familien enn i vår kultur. I slike kulturar vil skam og ære styre korleis ein lever, og respekten i miljøet byggjer på korleis ein lever. Dersom ein bryt normene i kulturen, kan ein bli utsett for sosial kontroll. Sosial kontroll vil seie at andre i kulturen gjer noko for at du skal måtte rette deg betre inn etter normene. Det kan vere alt frå svake hint til at du blir stengd ute frå miljøet eller i verste fall blir utsett for vald. Hva vil folk si synest eg dette kjem tydeleg fram gjennom at Nisha prøver å leve opp til forventningane frå familien om at ho skal følgje normene i deira kultur, få ei god utdanning og gifte seg med ein som familien vel for henne. Det er ikkje slik at Nisha ikkje ønskjer å gjere foreldra stolte, men ho ønskjer samtidig å oppføre seg som andre på hennar alder og oppleve det dei gjer. Foreldra meiner at det påverkar æra til heile familien når Nisha oppfører seg som dei norskfødde venene sine. Når foreldra sender Nisha til Pakistan, er det ei form for sosial kontroll frå foreldra. Eit anna døme er at andre med same bakgrunn som familien ser ned på foreldra fordi dei ikkje held fast ved den strenge oppsedinga av Nisha, og dette fører mellom anna til at dei sluttar å handle i butikken til faren. Det er eit døme på at miljøet rundt familien utøver sosial kontroll. Når sosial kontroll blir brukt slik det gjer i for å kjempe mot slik undertrykking. Omgrepa etnosentrisme og kulturrelativisme er også relevante når ein skal undersøkje kulturmøte. Etnosentrisme vil seie at ein set sin eigen kultur i sentrum og vurderer andre kulturar ut frå eigne verdiar, normer og haldningar (Johannesen, 2018). Kulturrelativisme vil seie at ein forstår ein annan kultur ut frå verdiane, normene og Vurderingseksemplar haldningane til denne kulturen (Siverts, 2013). Dersom vi prøver å forstå ein kultur ut frå normene og verdiane til vår eigen kultur, kan det føre til at vi misforstår ein annan kultur eller vurderer han som mindre «rett» enn vår eigen. Hva vil folk si skildrar ein kultur der familien mistar æra si dersom dottera lever som ei norsk jente. Om vi ser dette med etnosentriske briller, vil det vere vanskeleg å forstå det. Med eit kulturrelativistisk blikk vil vi lettare kunne forstå kvifor familien handlar som dei gjer. Eg trur Iram Haq har ønskt å gi publikum ei forståing for kvifor familien til Nisha gjer som dei gjer. I eit intervju med Dagsavisen seier ho: «Det viktigste er at det ikke blir en fortelling om de slemme foreldrene og den stakkars jenta som blir utsatt for ulike ting, men å

This article is from: