
1 minute read
Teateret i vår tid
from 9788203405945

ein strammare og meir tradisjonell kom posisjon. Innhaldet er derimot langt frå konvensjonelt. Dei vanskelege temaa Ibsen tek opp, provoserte og sjokkerte mange i samtida hans. Teateret i vår tid ↥ Peer Gynt Vurderingseksemplar I våre dagar kan ein lett få inntrykk av at det ikkje finst så mange reglar for kunst, musikk, litteratur og teater. Publikum har lenge vore vande til eksperimentering, sjangerblanding og brot på tradisjonar. Trass i mange ulike fram toningar er dramaet likevel framleis kjenneteikna av dei innhaldsdelane Aristoteles skildra: handling, roller, språk, tematikk og teatrale verkemiddel. Men kva for nokre av desse innhaldsdelane som blir vektlagde mest, vil ofte vere annleis i dag enn i dei gamle grekarane si tid. Jon Fosse er eit godt døme på ein forfattar som følgjer mange av prinsippa i det klassiske dramaet, men som likevel har skapt annleis teaterkunst med enkle middel.