ǡȳǜǣǘǘȨǠ ɞɘŵ ŵǙǜǚ̷ǡǟɵǘȨ ǝǥ Ǚǜǚ̷ǡȨǞȰǚǣǞǥ
I praksis er misforståingar mellom kj-lyden og sj-lyden sjeldne fordi konteksten gjer at vi som regel forstår kva det dreier seg om. Sjølv om vi seier skylling når vi står svoltne ved ferskvaredisken, forstår butikkmedarbeidaren at det er snakk om avkommet etter høns, altså kylling. Samanfallet mellom kj- og sj-lyden blei registrert av språkforskarar i Bergen i 1970-åra, som eit ungdomsfenomen. Den vaksne generasjonen har reagert på samanfallet, utan at det ser ut til å ha noko å seie. Spreiinga av sj-lyden ser ut til å først skje gjennom hopp mellom ulike byar, før lyden etter kvart spreier seg til området rundt desse byane. Språkforskarar kallar denne spreiinga av nye språktrekk for sentrumshopp. Det vanlege er at spreiinga av eit nytt språktrekk kjem frå område med høgare sosial prestisje. Det vil seie at endringar ofte startar frå større byar og etter kvart går til mindre byar og tettstader. Det er ofte ungdom som står for spreiing gjennom sentrumshopp.
se m
pl
ar
sentrumshopp
275
in g
Språkkontakt
se k
Har du andre døme på språktrekk som du trur kjem av sentrumshopp?
Vu
rd er
Det er ikkje alltid at språkkontakt fører til språkendring. Vi kan godt leve saman med folk som brukar ulike språk, utan at språka blir særleg påverka. Det kjem an på kor intens kontakten er, og kva makt og prestisje eit språk har. Norsk har til dømes hatt høgare prestisje enn samisk, medan engelsk har høgare prestisje enn norsk i mange samanhengar. Det gir utslag både når det gjeld den indre og ytre utviklinga til språka. Det er vidare slik at språkendringar ikkje alltid har opphav i språkkontakt. Vi må ofte vurdere frå sak til sak kva som er tilfellet. Samtidig kan språkkontakt vere ein viktig grunn til at eit språkfenomen blir spreidd, sjølv om det ikkje er grunnen til at det oppstår. Svara er med andre ord ikkje opplagde. Det er derfor det er så spennande å forske på språk.